Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Musikkterapiens første gullalder er snart over. Heldigvis.

Musikkterapiens første gullalder er snart over. Heldigvis.

Er musikkterapiens første gullalder i ferd med å gå over? Kan vi makte å fornye yrkesrolla på måtar som tar vare på og vidareutviklar dei beste sidene ved musikkterapi som fag og praksis?

Ein respons av Brynjulf Stige på Mikael Claviers innlegg

Mikael Clavier har skrive eit innlegg med den stilige tittelen «Musikkterapiens gullalder», der han spør «Skal musikkterapeuter ta behandlingsansvar? Har vi en frykt for fornying av faget?» Han ser ut til å svare «ja» på begge spørsmål. Eg tykkjer han på ein elegant måte skisserer nokre diskusjonar som det er viktig å ta, nett no. Sjølv lurer eg på om musikkterapiens gullalder snart er over, i alle fall i ei viss tyding av dette ordet. Nettopp difor ser eg store mogelegheiter, dersom vi greier å fornye oss for å bevare dei sidene ved fag og praksis som brukarane set mest pris på og har mest bruk for.

Gullalder kan m.a. tyde oppsving eller blømingstid, medan uttrykket i gresk mytologi vart brukt om ei opphavleg lukkeleg tid i mennesket si utvikling, der vi ikkje sleit med å dyrke jorda, men kunne leve fritt av det vi fann i naturen. No veit ikkje eg kor behageleg det var på våre kantar den tida vi følgde iskanten på jakt etter mat, men eg vel å leike litt med begge desse tydingane av ordet gullalder. Eg tenkjer at norsk musikkterapi i dag opplever eit kraftig oppsving, slik at vi kanskje er på veg mot musikkterapiens gullalder i tydinga blømingstid. Samstundes er det også mogeleg at oppsvinget vil føre med seg at vi ein dag ser tilbake på ein slags «opphavleg gullalder» der arbeidet vårt var mindre regulert av plikter og ansvar i helsevesenet som system. Utviklinga vi er inne i bringer med andre ord med seg både nye mogelegheiter og nye utfordringar. Slik er det i og for seg med mange ting her i livet, men eg meiner absolutt at det er grunnar til å ta dei debattane som Mikael inviterer til.

Innlegget til Mikael spring ut av hans eigne erfaringar som musikkterapeut i spesialisthelsetenesta, men også ein diskusjon som har gått i musikkterapimiljøet i Bergen i eit par års tid. Diskusjonen går sikkert i andre delar av landet også, og temaet er dessutan kjend frå den internasjonale musikkterapilitteraturen, der Jane Edwards er ein av dei som har peika på at det å verte inkludert i eit system også vil innebere at ein vert meir regulert av dette systemet. Dette går det an å vurdere reint pragmatisk: Vil du ha ein jobb, må du ta dei pliktene og det ansvaret som følgjer med. Like problematisk som det er for eit universitet å handtere forskarar som berre vil arbeide med fag og ikkje delta i andre aktivitetar som held systemet i gong, som t.d. komitéarbeid eller programkoordinering, vil det vel vere for helsevesenet å handtere fagtilsette som ikkje kan eller vil ta eit delegert medansvar knytt til det behandlingsansvaret som institusjonane forvaltar. Slik sett er eg opptatt av at vi som profesjon så fort som mogeleg gjer oss ferdige med ein diskusjon for eller i mot og heller snakkar meir om kva type ansvar dette er, og når og korleis vi kan og bør ta det på oss.

Det er vel særleg i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) at dette er akutte problemstillingar i dag, då det på desse felta finst nasjonale faglege retningslinjer som tilrår musikkterapi og samstundes presiserer at behandlinga må utøvast av terapeutar med godkjend utdanning i musikkterapi. Då er det kanskje greitt å presisere at det Mikael ut i frå etablert språkbruk i TSB refererer til som behandlingsansvar mange stader vert omtala som pasientansvar, og at det ikkje er snakk om det overordna behandlingsansvaret (som berre legar og psykologar kan ha etter gjeldande regelverk), men det delegerte ansvaret for å samordne pasientens behandling (som ulike helseprofesjonar kan ta på seg, når og dersom deira kompetanse vert vurdert som relevant).

Kvifor skulle musikkterapeutar ta på seg dette? Fordi det er ein del av det å arbeide i eit behandlingsteam i spesialisthelsetenesta, og fordi det gjev mogelegheiter til å bruke musikkterapikompetansen på meir heilskaplege måtar, argumenterer Mikael. Kvifor skulle musikkterapeuten ikkje ta det på seg? Dersom vi ønskjer oss tilbake til ein «opphavleg gullalder» med mindre sut og ansvar, er vel argumentasjonen svak. Men – der har vore sterkare argument enn som så i sirkulasjon: At arbeidet vårt vert meir regulert når vi vert meir inkluderte i systemet, er ikkje berre ei praktisk utfordring. Kva som vert oppfatta som nødvendig å regulere er sjølvsagt avhengig av verdiar og tradisjonar i helsevesenet, og desse har i stor grad vore meir hierarkiske enn det musikkterapeutar flest identifiserer seg med. Er det ein risiko for at musikkterapeutane no mister særpreget og vert mindre recovery-, ressurs- og samfunnsorienterte i arbeidet sitt?

Eg trur absolutt at det er ein viss risiko for det, samstundes som dei gryande rørslene for brukarstyring og brukarmedverknad i helsevesenet representerer ei opning for at det ikkje treng å gå slik. Det er ikkje sikkert vi treng å velje mellom å stå på utsida av helsevesenet med verdiane våre intakte eller å gå inn og verte omforma av eit system som tradisjonelt har vore hierarkisk og ekspertstyrt. Etter mi vurdering er vi nett no i ein situasjon der vi har mogelegheit for å lukkast med eit slikt «tredje alternativ». Etter 30-40 års utvikling er norsk musikkterapipraksis, -utdanning og -forsking i ferd med å verte anerkjend av helsemyndigheitene, og dette skjer i ei tid der tema som brukarstyring, «recovery» og «personhood» står på dagsordenen. Mange brukarar, fagpersonar, leiarar og helsepolitikarar ønskjer musikkterapeutane velkomne, nettopp fordi vi i samarbeid med andre aktørar kan bidra til eit meir brukar- og ressursorientert helsevesen. Då kan vi – som Mikael argumenterer for – «omfavne den nyvunne tilliten til faget vårt ved å ta det ansvaret vi blir tilbudt og smi mens jernet er varmt». 

Skal vi lukkast, trur eg at vi må tenkje både på kvantitet og kvalitet. Vi treng å utvide opptaket til masterstudiet og utdanne langt fleire musikkterapeutar enn det vi gjer i dag, og vi treng å leggje meir vekt på rettleiing og kompetanseutvikling etter masterstudiet (det ein på engelsk kallar «continued professional development»). Med andre ord: Vi treng å arbeide for at musikkterapeutane får større tyngde til aktivt å utforme dei rollene som er i ferd med å verte tilgjengelege for oss.

Musikkterapi gjennom livet: frå forebygging til recovery

Musikkterapi gjennom livet: frå forebygging til recovery

Kunst og kreativitet i barnevernfeltet – hva og hvorfor?