Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Minneord om Grete Skarpeid

Minneord om Grete Skarpeid

Av Brynjulf Stige og Mette Kleive

Vi saknar Grete Skarpeid, som etter ei tids sjukdom gjekk frå oss den 19. mai 2023, 66 år gamal. Det var så alt for tidleg. Grete rakk altså ikkje å fylle 70 år, men hadde likevel eit svært innhaldsrikt liv bak seg. Så var ho også ein meir enn vanleg levande og engasjert person.

Stille, stille, stille. Slik er det no. Dette er også tittelen på ein av dei vakre songane Grete skreiv og fekk gitt ut dei siste åra ho levde. Etter mange år som dyktig logoped og musikkterapeut i barne- og ungdomspsykiatrien på Voss, fekk ho ei uventa og vakker karriere som artist. Denne vendinga sprang ut av ein samtale med ein kjend amerikansk-kubansk pianist, Aruan Ortiz, etter ein konsert på Vossajazz. På ein benk utanfor konsertlokalet kom dei i prat om musikk. Han spurde om ho song, og Grete spurde om han ville lytte til nokre songar ho hadde laga. På telefonen. Det resulterte i to turnear på andre sida av Atlanteren og cd-ar med topp vurderingar i prestisjetunge tidsskrift, både i USA og her heime. Det fortel litt om kven Grete var. Ho hadde mot til å gå inn i det ukjende og ho leverte kvalitet.

I dette korte minneordet skal vi ikkje forsøke å summere opp alt Grete var og fekk gjort. I staden vil vi løfte fram det Grete var og gjorde i den oppbyggingsperioden musikkterapifaget var inne i på 1980- og 1990-talet. Vi gjer det som tidlegare kollegaer av Grete i musikkterapimiljøet på Sandane, som sprang ut frå det sokalla «Gloppen-prosjektet» (1983-1986). Prosjektet var ei nyskaping innan musikkterapifaget og ga rom for å tenkje musikk og nettverksbygging på nye måtar. Det bildet som trer fram når vi tenkjer på Gretes rolle i dette fagmiljøet, gjer oss takknemlege og glade. Grete kom inn i miljøet med stor energi og entusiasme. Som oss andre kom ho rett frå studiet i Oslo, og overgangen til ein jobb i ein liten distriktskommune var stor. Men Grete gjekk inn i arbeidet i det kommunale musikkterapiteamet med stor lærelyst, og ho vart fort ein del av lokalsamfunnet og ein viktig kollega for både musikkterapeutane og for kollegaer frå fleire andre profesjonar.

Grete var så absolutt ein som fanga opp intensjonen i prosjektet, der funksjonsutfordra innbyggjarar fekk høve til å delta i det lokale musikklivet, via til dømes korps og kor og ulike samspeltreff. Då musikkterapistudiet vart etablert på Sandane i 1988, vart ho først ein godt likt praksislærar, dernest ein engasjerande lærar ved studiet. Då miljøet arrangerte den første nordiske musikkterapikonferansen i 1991, var Grete aktiv i arrangementskomiteen. Etter at Nordisk tidsskrift for musikkterapi (Nordic Journal of Music Therapy) vart etablert i 1992, skreiv ho mange bokmeldingar for tidsskriftet i fleire år. Slik kunne vi ha halde fram med å nemne eksempel. Grete var med der det skjedde, og bidrog med innsatsvilje og glød.

I mange år var det Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi som vart arbeidsplassen hennar. Vi vil løfte fram denne perioden, då den så tydeleg illustrerer fleire av Grete sine kvalitetar. Ho var kreativ og dristig, og ho gjekk opp nye stiar. Ein kjende seg sett og høyrt i hennar nærleik, anten ein var brukar eller tilsett dei ulike stadane ho arbeidde. Då Grete starta eit seniorkor på Sandane på 1990-talet, med plass til menneske med og utan utfordringar med demens, var dei fleste av oss einige om at dette var nytt og interessant, og framleis i prosjektet si ånd. Men kor mange av oss såg kor framtidsrelevant ein slik idé og praksis var?

Ein liten artikkel Grete publiserte i 1993, med den fine tittelen «Musikken – møtested mellom profesjoner og generasjoner», gjev oss også fine glimt av det ho stod for. Artikkelen skisserer Fylkessenteret for musikkterapi sin funksjon og knyter dette saman med ei beskriving av eit nyskapande samarbeidsprosjekt mellom ein barnehage og eit bufellesskap for eldre menneske. Grete bygde opp dette prosjektet i samarbeid med fylkesmusikargruppa for folkemusikk i Sogn og Fjordane. Det var samarbeid mellom sektorar, mellom profesjonar, mellom generasjonar. Grete likte godt å utfordre etablerte rammer, men ho gjorde det med respekt for tradisjonar og med sensitivitet for kva ulike aktørar kan bidra med i ein samarbeidsprosess.

Du kunne møte Grete som folkemusikar, jazzsongar, artist, bussjåfør, fjellvandrar med fiskestong, kjoledesignar, høgskulelektor, logoped eller musikkterapeut. Det var ein fryd å oppleve henne som pedagog og formidlar, anten som tilhøyrar eller som medundervisar. Ideane myldra. Kreativiteten og engasjementet hennar vil vi aldri gløyme. Og den perlande latteren kling i øyrene!

Det vert aldri heilt stille etter deg Grete, sjølv om det kjennest slik no. Vi heidrar minnet ditt og tar med oss det du lærte og viste oss. Takk for alt. Må du kvile i fred.

Brynjulf Stige og Mette Kleive, 22.05.2023
(Foto: Hans Jørgen Brun
)

Minneord for Grete Skarpeid

Minneord for Grete Skarpeid

Ullern helselag  søker kontakt med musikkterapeut

Ullern helselag søker kontakt med musikkterapeut