Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Minneord for Grete Skarpeid

Minneord for Grete Skarpeid

Fredag 19/5 2023 gjekk Grete Skarpeid bort, 66 år gamal.

Me vart kjend med Grete som musikkterapistudentar ved musikkterapiutdanninga ved Sandane i Gloppen kommune på 1990 talet. Grete var tilsett ved musikkterapiutdanninga, og var ein framifrå lærar, formidlar og praktikar som motiverte og danna oss som framtidige musikkterapeutar. Ho fyllte mange ulike roller og hadde ei brei fagleg bakgrunn som musikkterapeut, logoped og songpedagog. Fleire var heldig å få oppleve dette mangfaldet, anten gjennom metodikkundervising der mellom anna musikk frå ulike  verdsdelar vart delt, livsdannande songundervising eller erfaringar frå  det musikkterapeutiske arbeidet som del av praksisundervisinga.

Grete var ein pioner innan musikkterapien på mange måtar, både gjennom det å bringe folkemusikk gjennom ulike generasjonar saman på den vesle plassen Hyen, men og ved å vera blant dei fyrste som danna demenskor i Noreg. Seinare flytta Grete til Voss og jobba innan psykisk helsefeltet for born og unge, noko ho formidla glimrande i bokkapitelet «Unge jenter, musikklytting og psykisk helsevern.

Musikalsk var Grete allsidig, med ein særleg forkjærleik for viser og jazz. Frå oppveksten i Stavanger var det song, særskilt knytt til kor som var dominerande. På Voss stifta ho d’kor, eit damekor med rytmisk musikk på repertoaret. Eit av prosjekta til koret var «Voggesongar undervegs», eit integreringstiltak for framandspråklege kvinner. Grete inviterte innvandrarkvinner på Voss til å synge voggesongar frå landet sitt i saman med koret. Prosjektet vart avslutta i januar 2018 med to konserter i fullsatt kulturhus. Også dette var pinoerarbeid som inspirerte, mellom anna til prosjektet «Voggesanger fra alle land» i Askim.

Grete fekk i vaksen alder levd ut nokre av sine musikalske drøymar gjennom det tilfeldige møtet med den kubansk-amerikanske stjernepianisten Aruán Ortiz, etter ein konsert med Don Byron Quartet på Voss Jazzklubb. Nokre tonar formidla gjennom ein mobiltelefon førte Grete ut i den store verda til New York og eit stjernelag av musikarar, noko som resulterte i dei kritikarroste platene «My songs» i 2016 og «Beyond stories» i 2021. Dei som var på den femte norske konferansen i musikkterapi på Fana Folkehøgskole i 2018 fekk ein smakebit av debutplata til Grete, då ho framførte «I wanna dance» på jammen til alle si store begeistring. Men det var ikkje berre innan musikk Grete fekk brukt talentet sitt. Også draumen som klesdesigner fekk ho realisert, med sin eigen kleskolleksjon Lilje.

Grete vert av vener skildra som modig, fargerik, allsidig og meir som ei lærebok i det å vera til stades i dagen og å leva ut draumane sine. At Grete beheldt draumane og motet også etter at ho vart sjuk fekk me erfare då me besøkte ho på Nordås ReHabiliteringsklinikk i Bergen i februar. Ho fortalte at ho ikkje hadde sunge på kring eitt år, men Grete fann raskt tilbake til musikkgleda då me byrja å spele i saman. Etter eit par øvingar holdt ho konsert for pasientar og tilsette på klinikken. Ein song som betydde mykje for Grete på denne tida var «Vår beste dag» med Erik Bye. Me hadde gode samtalar med Grete om korleis ho brukte musikk i rehabliteringa. Etter at Grete kom tilbake på Voss Sjukeheim øvde me på repertoar til studioinnspeling og konsert i juni. Me var også invitert i 66-årsfeiringa hennar, som ho hadde planlagt å ha heime i leilegheita si på Voss. Songen ho ville me skulle synge på festen var «Når man blir 66 først da tar livet til». Grete hadde livsglede og framtidsplanar til siste slutt.

Me minnast Grete som ein unik lærar, musikkterapeut og musikar. Men like sterkt er minnet av den kloke, livsglade, og hjartegode personen med den smittande latteren. Våre varmaste  tankar går til familien og dei næraste.

Lasse Tuastad og Øystein Lydvo, på vegne av musikkterapeutar frå utdanninga på Sandane.

Har du husket å betale kontingent?

Har du husket å betale kontingent?

Minneord om Grete Skarpeid

Minneord om Grete Skarpeid