Back to All Events

Lars Tuastad, Elin Sofye Rabbevåg: MOT82- Erfaringar frå eit oppfølgingstilbod

Dr Lars Tuastad, Elin Sofye Rabbevåg
Griegakademiet og Bjørgvin DPS


lars.tuastad@grieg.uib.no

Biografi
Lars Tuastad er for tida førsteamenuensis ved Griegakademiet, UIB. I tillegg jobber han på Bjørgvin DPS, og med oppfølgingsprosjektet MOT82 i psyksik helsevernfeltet. Tidlegare har Tuastad jobba i ti år i Bergen fengsel med musikk innan kriminalomsorg og ettervern og også vore tilknytta prosjektet Musikk I Fengsel og Frihet. Dette danna grunnlaget for doktoravhandlinga frå 2014: Innanfor og utanfor - Rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern. 

Abstract
Musikkterapi er i vinden som aldri før, noko ein særskilt merker innan psykisk helsevernfeltet. Eit eksempel som synleggjer musikkterapien sin posisjon er Helsedirektoratet sine nasjonale retningsliner for utreiing, behandling og oppfølging av psykoselidingar (2013) der musikkterapi vert tilrådd på det sterkaste, basert på høgste evidensnivå: «Forsking viser at musikkterapi er særlig effektiv for å redusere negative symptomer. Musikkterapi er like effektivt for pasienter som er innlagt på døgnenheter, som for dem som får poliklinisk behandling. Forskning viser at musikkterapi både kan inngå i behandling innen psykisk helsevern og i kommunalt arbeid» (Helsedirektoratet, 2013).

Retningslinene fokuserer på både behandling og oppfølging.  Dette var noko av bakgrunnen for at MOT82 vart etablert. MOT82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding jobbar for å implementere musikkterapi innan psykisk helsevernfeltet med vektelegging av å ha eit meiningsfult kulturtilbod i ein ettervernsfase. MOT82 er lokalisert ved U82, som er ein kulturverkstad for befolkninga i Åsane. Musikkterapitilbodet ved MOT82 byggjer på ei ressursorientert tilnærming (Rolvsjord, 2010) som vektlegg tankegods frå empowerment-filosofien (Rolvsjord 2004) og nyare tilfriskningsperspektiv frå recovery-tradisjonen (Solli, 2014). I tillegg understrekar vi behovet for ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn (Stige & Aarø, 2012). 

I framlegget vil vifortelle om erfaringane som er gjort så langt med MOT82 prosjektet. Det praktiske arbeidet som er gjort vil bli presentert, noko som mellom anna vil innebere ei skildring av ulike aktivitetar, arbeidsmåtar og samarbeidsformer som er brukt i prosjektet. I tillegg vil case-fortellingar skildre brukarane sine opplevingar av å delta i MOT82.

Referanser
Helsedirektoratet. 2013. Nasjonale faglige retningslinjer for utredning, behandling og oppfølging av personer med psykoselidelser.

Rolvsjord, Randi. 2004. Therapy as empowerment. Clinical and political implications of empowerment philosophy in mental health practises of music therapy, Nordic Journal of Music Therapy, 13 (2), 99 – 111.  

Rolvsjord, Randi. 2010. Resource-oriented music therapy in mental health care. Gilsum, NH: Barcelona.

Solli, Hans Petter. 2014. The groove of recovery: a qualitative study of how people diagnosed with psychosis experience music therapy. Doktoravhandling. Universitetet I Bergen.

Stige, Brynjulf og Leif Edvard Aarø. 2012. Invitation to community music therapy. New York, NY: Routledge.

Chair: Stine Camilla Blichfeldt Ærø
Hvor: Auditoriet