Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 01.09.2023.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett i stillinga blir knytt til prosjektet "Sounding Relation: Use of Music Microanalysis to Explore Parental Contributions to Premature Infant Regulation in the Neonatal Context", finansiert av Norges forskningsråd. Hovudmål med prosjektet er å bruke tverrfaglege perspektiv og musikalsk mikroanalyse for å utforske korleis foreldre til premature barn bidreg til sjølvregulering når dei skaper musikalsk samspel i møte med barnet sitt på nyfødtintensivavdelinga. Det er forventa at stipendiaten utviklar og gjennomfører førehandsbestemte delprosjekt knytt til hovudprosjektet sine mål, med bruk av både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. I tillegg vil stipendiaten få medansvar for koordinering av prosjektet og utvikling av ein kunnskapsbasert rettleiar for foreldre til premature barn. Hovudrettleiar vil bli prosjektleiar, Claire Ghetti.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd, og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Om fagområdet
Fagområdet musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er definert som det tverrfaglege studiet av musikk og helse, og er forankra i ein humanistisk og samfunnsorientert musikkterapitradisjon. Griegakademiet har eit 5-årig integrert masterprogram i musikkterapi. Dette studieprogrammet tilbyr både ei praktisk og vitskapeleg tilnærming, og utforskar relasjonar mellom musikk og helse i kliniske kontekstar og i kvardagsliv. Forskingsmiljøet er organisert i tvillingsenteret, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, GAMUT,  i samarbeid med NORCE.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi. Søkjarar med mastergrad innan andre relevante fagområde kan vurderast viss graden er direkte relevant for prosjektets omfang. Søkaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.

I tillegg vert vektlagt:

  • Praktisk erfaring frå sjukehus og/eller arbeid med spedbarn, og/eller kompetanse i å bruke stemmen som musikkterapeutisk arbeidsreiskap

  • Kompetanse i kvalitativ og/eller kvantitativ forskingsmetodikk og dokumentert erfaring med å skrive vitskaplege artiklar

  • Erfaring med musikalsk notasjon er ønskeleg

Den som blir tilsett må ha god evne til problemløysing og kommunikasjon, inkludert solide ferdigheiter i både munnleg og skriftleg engelsk. Ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk, dansk eller svensk er en fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Kartlegging av barnepalliativ kompetanse – og eventuelt ønske om ervervelse av en slik type kompetanse

Invitasjon til digitalt seminar om musikkterapi med barnehagebarn

Invitasjon til digitalt seminar om musikkterapi med barnehagebarn