Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Bokanmeldelse: MUSIKKTERAPI  OG ELDREHELSE

Bokanmeldelse: MUSIKKTERAPI OG ELDREHELSE

Musikkterapi 1-2017, s.36-37, ISSN 0800-126X

Brynjulf Stige, Hanne Mette Ridder (red) (2016)
Universitetsforlaget, 277 sider
Anmeldt av Ingeborg Nebelung

Vi kan like gjerne slå det fast, først som sist: Eg er begeistra.

Det er to av våre fremste nordiske nestorar i musikkterapifaget generelt og i eldrehelse spesielt, som er redaktørar for dette nye læreverket i musikkterapi og eldrehelse. Boka spring ut av eit dansk-norsk fagnettverk som Griegakademiet sitt senter for musikkterapiforsking koordinerte i perioden 2008-2014. Det er nokre av dei fremste forskarane og klinikarane på feltet som har forfatta artiklane. Hensikten med boka er i følge redaktørane å presentere og perspektivere eksisterande kunnskap om musikkterapi og eldrehelse. Den er skriven på både norsk og dansk, noko som gjer at dette vil bli ei like naturleg lærebok i Danmark som i Norge. Til tross for fagleg tyngde er den svært lett å lese, både på norsk og dansk. Som ein bonus er det lagt ved både norsk-dansk og dansk-norsk ordliste bakerst, for den som måtte lure på enkeltord i teksten.

Vi er ei aldrande befolking, og stadig fleire utviklar demens som ein følge av nettopp dette. Vi veit stadig meir om det medisinske aspekta ved det å oppnå høg alder, men kva med dei sosiale; det å ha god helse, god livskvalitet, det å bli sett, møtt og anerkjent? På vaskeseddelen av boka vert det slått fast at ”vi trenger redskaper for å forstå hvorfor og hvordan musikk kan være en helseressurs, og denne boka bidrar med dette”. Det siste er eg heilt einig i - for dette er eit stort og viktig bidrag innan fagområdet musikkterapi. Denne boka er nødvendig. Den er innhaldsrik, opplysande, den heng godt saman som heilskap - noko som er godt gjort med tanke på alt innhaldet.

Redaktørane ønsker å sette lys på fleire sider av musikkbruk og eldrehelse; frå musikk som helseressurs i kvardagslivet, via musikk som del av ein brei musikkterapeutisk praksis, til musikk som eit spesialisert behandlingstilbod som krev musikkterapikompetanse. Dette speglar også boka si oppbygging. I del 1, ”Hvorfor musikk?”, vert det presentert eit breitt perspektiv på musikk generelt og korleis den kan nyttast som ein ressurs i eldrehelse. Denne delen omhandlar musikken som mulighet og rettighet, korleis musikken virkar på oss, og helsemusikkering i eit sosiokulturelt perspektiv. Del 2, ”Musikk som samvær og hverdagspraksis”, omhandlar musikken som kvardagsressurs, seniorkor og babysang og musikkaktivitetar leia av omsorgsgjevarar. Del 3 tek for seg ”Musikkterapeutisk praksis”. Her trenger vi djupare og djupare inn i den meir spesialiserte musikkterapien: Alderspsykiatri, demensomsorg, kor for KOLS-pasientar, nevrorehabilitering og palliativ omsorg. Del 4 fokuserer på korleis musikkterapeuten kan og SKAL vere ein del av eit tverrfagleg team. Her finn vi tema som lydmiljø, maktbruk, arbeidsmiljø og fagutvikling i praksis. Redaktørane bidreg også med fleire kapittel om både det systemiske perspektivet, det personsentrerte perspektivet og det sosiokulturelle perspektivet.

Boka si oppbygging er logisk og naturleg. Den startar med det mest grunnleggande rundt musikkbruk, noko som er relevant for alle som jobbar på dette feltet. Etter kvart har vi kjensla av å dykke djupare ned i musikkterapien, til tenester som krev spesialisert kunnskap og utdanning i musikkterapi. Og boka sin siste del tek det endå eit steg vidare, om musikkterapeuten si rolle innan samarbeid og fagutvikling. 

For det nyevidareutdanningsstudiet for musikkterapeutar i eldreomsorg ved Universitet i Bergen kom denne læreboka ut akkurat i riktig tid; ei fiks ferdig pensumbok som dekkar dei fleste område innan feltet. For meg som er erfaren som musikkterapeut, men fersk på eldrehelseområdet, kom denne boka som manna frå oven - og (for meg) på heilt rett tidspunkt. Denne boka kan brukast til så utruleg mykje. Eg nyttar den som eit oppslagsverk når eg på relativt kort tid må lese meg opp innan spesifikke tema. Boka fungerer som ein idégenerator i det praktiske arbeidet, og som ein ressursbank når eg skal holde foredrag innanfor emnet.

Eg har imidlertid ein liten kritisk kommentar. All litteraturen det er referert til, er plassert bakerst i boka. Eg skulle gjerne hatt ei litteraturliste etter kvart kapittel. Då ville eg sleppe å leite meg fram til relevante boktitlar i ei stor litteraturliste. Er ein til dømes interessert i litteratur om musikk og hjerne i eit nevrobiologisk perspektiv, så hadde det vore greit å ha ei litteraturliste etter nettopp dette kapitlet. Er ein spesielt interessert i musikk i palliativ omsorg, så hadde det også vore veldig greit med ei liste over alle titlar det var referert til etter dette kapitlet. 

Redaktørane seier i sitt forord: ”Musikk åpner for kontakt, men kan også stenge for samvær. Musikk er en viktig hverdagsressurs, men kan også være vanskelig å håndtere. Vi trenger redskaper for å beskrive og forstå ulike situasjoner og prosesser, og med denne boka har vi satt oss som mål å bidra med dette.” (s.16) Det har dei absolutt klart. Til tross for tittelen ”Musikkterapi og eldrehelse”, vil denne samlinga vere til nytte ikkje berre for musikkterapeutar, men også for andre faggrupper som arbeider med eldre. Ei stor takk til redaktørane og til alle bidragsytarane i denne flotte boka!

Stafetten

Stafetten

Siden sist

Siden sist