Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Call for papers: POLYFON-konferansen

Call for papers: POLYFON-konferansen

Kunnskapsklynga POLYFON arbeider for at musikkterapi skal vere tilgjengeleg for dei brukarane som ønskjer og treng det. Samarbeidet fokuserer på tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling innan Barn og unges oppvekst, Psykisk helse, Rus, Eldrehelse og Palliativ behandling og omsorg.

POLYFON-konferansen er etablert som klyngas hovudarena for dialog og diskusjon om resultat og erfaringar, planar og visjonar.

POLYFON-konferansen 2018 har temaet «Musikkterapi og samhandling» og vert arrangert 22. november, i Auditoriet Egget, Studentsenteret i Bergen. Vi tolkar temaet vidt: I tillegg til samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste, kan temaet omhandle ulike former for samarbeid med og for brukarane.

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, vil opne konferansen. Etter konferansen – på kveldstid – legg vi opp til ein flott POLYFON-konsert på Chagall!

No ønskjer vi forslag til bidrag til konferansens parallellsesjonar. Har du eit forskingsprosjekt eller interessante praksiserfaringar å dele? Har du forslag til foredrag/paper, musikkinnslag, utstilling, workshop, rundebordsdiskusjon eller posterpresentasjon? Om du er brukar eller forskar, musikkterapeut, sjukepleiar, psykolog, lege eller student … om du arbeider med barn, ungdom, vaksne eller eldre … vi ønskjer eit mangfald av bidrag!

Forslag til bidrag (abstracts) sendast innan 15. mai 2018 til Liv.Qvale@uib.no

For retningslinjer for forslag til bidrag, sjå: gamut.no/polyfon/polyfon-konferansen/ 

Bidragsytarar får gratis konferanse, inklusivt lunsj. Du må sjølv dekkje reise, opphald. 

Musikkterapi og autisme – forsking og praksis i rørsla

Musikkterapi og autisme – forsking og praksis i rørsla

DELTTIDSSTUDIE MASTER MUSIKKTERAPI

DELTTIDSSTUDIE MASTER MUSIKKTERAPI