Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

POLYFON kunnskapsklynge

POLYFON kunnskapsklynge

POLYFON kunnskapsklynge
- og eit økologisk perspektiv på musikkterapeutisk fag- og profesjonsutvikling

Musikkterapi 1-2017, s.22-29, ISSN 0800-126X

Last ned artikkelen i PDF

av Brynjulf Stige

Kva er ei kunnskapsklynge? Kvifor valde Griegakademiet å etablere POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi i 2015? Kva er erfaringane så langt, og kva vert vegen vidare? I denne artikkelen vil eg gje innspel til svar på slike spørsmål, gjennom tre ulike forteljargrep. Eg vil i) gje konkret informasjon om kunnskapsklynga POLYFON, ii) dele nokre personlege refleksjonar rundt det å arbeide med ei kunnskapsklynge, og iii) gje utkast til ei teoretisk forståing av dynamikken i ei kunnskapsklynge. (1)

Innleiing
«- Alle klinikker skal ha musikkterapeut». Dette var ei overskrift i mars 2017 i «POLYFON-nytt», ein bulleteng med små og store nyhende som POLYFON kunnskapsklynge gjev ut fire gongar for året. (2) Overskrifta refererte til at Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen i januar 2017 vedtok ein strategi der det er presisert at alle klinikkar skal ha musikkterapeut. Dette oppfattar eg som eit prinsipielt gjennombrot. Det er rimeleg å vente at det samla talet på musikkterapeutar i psykisk helsevern i Helse Bergen vert tosifra i løpet av ikkje alt for lang tid, medan det fram til 2014 berre var to musikkterapistillingar i heile helseføretaket, der den eine i hovudsak var finansiert av eksterne mesenar. Kva har skjedd? At det i 2013 kom ei sterk tilråding av musikkterapi i nasjonal fagleg retningslinje for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar, er sjølvsagt ein del av svaret. Utan denne nasjonale føringa ville det neppe vore grunnlag for lokal satsing i det omfanget det er snakk om her. Dette er likevel ikkje heile svaret. På landsbasis har denne retningslinja skapt ei ny interesse for faget, men talet nye stillingar er likevel avgrensa så langt. Etter det eg veit er Helse Bergen per dags dato åleine om å ha utarbeidd ein strategi for systematisk implementering.

Helse Bergen er ein del av POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi, og «POLYFON-nytt» har spurt spesialrådgjevar Geir Lien i Divisjon for psykisk helsevern om kvifor helseføretaket har tatt dette steget. Svaret vi fekk var at satsinga på musikkterapi var ein del av helseføretaket si satsing på helsefremmande arbeid. Helse Bergen har laga ein strategi for dette, m.a. av di personar med alvorlege psykiske vanskar har ei forventa levetid som er meir enn 20 år kortare enn andre. Dette er sjølvsagt alvorleg, og Lien grunngjev satsinga på musikkterapi slik:

Fra vår side er det ønskelig å gjøre en forskjell. Vår strategi bygger på tiltak over et vidt spekter – hvor bruk av behandlingstiltak som har effekt er et av disse. Vi har valgt å ta i bruk musikkterapi på en mer systematisk måte. Det kommer flere studier som viser at musikkterapi kan være med å gjøre en forskjell – vi ønsker å ta denne kunnskapen i bruk, og tilby denne terapien til så mange som mulig.

I vår strategi er det vist til at alle klinikker skal ha musikkterapi. Det er viktig å få fram at utvikling av tilstrekkelig kapasitet på dette feltet vil ta noe tid. Vi må altså ile langsomt. I den sammenheng er POLYFON et viktig virkemiddel for oss. Her er det en kobling mellom praksisfeltet og forsking som er unikt og som vi må heie på.
— (spesialrådgiver Geir Lien i Helse Bergen, i «POLYFON-nytt», mai 2017

Liens grunngjeving av systematisk satsing på musikkterapi er altså knytt til ein overordna plan for arbeid med viktige og vanskelege utfordringar, noko som i seg sjølv er verdt å merke seg. Vidare knyter han altså prosessen til samarbeidet i kunnskapsklynga POLYFON. Det er dette eg vil dvele ved i denne artikkelen. No er Lien også leiar for kunnskapsklyngas styringsgruppe, så vi skal vel ikkje ta dette for å vere ei heilt nøytral utsegn om klyngas relevans. På den andre sida kan vi spørje oss: Kva er det som får ein travelt opptatt spesialrådgjevar i eitt av dei store helseføretaka i Noreg til å engasjere seg i arbeidet med ei kunnskapsklynge for musikkterapi? 

Eg skal ikkje gjere Lien til case-studie i denne artikkelen, og heller ikkje dei mange andre leiarane, fagfolka, brukarane og politikarane som engasjerer seg i POLYFON-samarbeidet. I staden vil eg bruke eksempelet over som utgangspunkt for refleksjonar over kunnskapsklynge som strategi for musikkterapeutisk fag- og profesjonsutvikling. Eg vil først presenterer erfaringane med POLYFONs to første prosjekt-år og gje glimt av den prosessen vi er inne i nett no, der vi utvidar klynga til ein større del av Vestlandsregionen. Dernest vil eg meir prinsipielt drøfte kva ei kunnskapsklynge kan vere og sjå det i samanheng med omgrepet «kritisk profesjonsøkologi».

Korleis POLYFON kunnskapsklynge tok form
POLYFON vart etablert 1. januar 2015, som eit forpliktande samarbeid mellom ulike, men likeverdige deltakarar som «treng kvarandre» for å fremme fagleg utvikling. Sonderingar mellom partane starta hausten 2013, etter at Helsedirektoratet i juni same år gav ei tydeleg tilråding av musikkterapi i ny nasjonal fagleg retningslinje for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar. Seinare er musikkterapi tilrådd og/eller nemnd som aktuell intervensjon i retningslinjene for rusbehandling, avrusing og palliasjon for barn og unge, og også i høyringsversjonen av retningslinje for demensomsorg. Også innan felt som ikkje har denne type retningslinjer, som barnevernet, er det aukande interesse for implementering av musikkterapi. Skal slik interesse og slike tilrådingar kome pasientane til gode, må det gjerast eit betydeleg arbeid for implementering av musikkterapi i tenestene, og POLYFON har som mål å byggje ein føregangsregion der tenestene tar musikkterapi i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte, i samspel med utdanning, forsking og formidling.

Deltakarar i kunnskapsklynge har i dei to første prosjektåra 2015 og 2016 vore: 

• Aleris Ungplan & BOI Vest
• Fjell kommune
• Griegakademiet, Universitetet i Bergen
• Helse Bergen
• NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus
• RKBU Vest – Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (Uni Research Helse)
• Stiftelsen Bergensklinikkene
• Uni Research Helse.

I tillegg har følgjande tre instansar vore assosierte deltakarar i klynga: Bergen kommune, Haraldsplass Diakonale Sjukehus og Sogn og Fjordane fylkeskommune. *

Det er etablert arbeidsgrupper for fem arbeidsfelt: 1) Barn og unges oppvekst, 2) Psykisk helse vaksne, 3) Rus vaksne, 4) Eldrehelse, og 5) Palliativ behandling og omsorg. Kvalitetskriterium vil variere noko mellom arbeidsfelta, men i alle felta vil musikkterapeutisk praksis i stor grad fokusere på ressursar, brukarmedverknad og samfunnsdeltaking.

POLYFONs fagråd (Scientific Advisory Committee) har ein internasjonal og tverrfagleg profil, og består av Tia DeNora (Professor i musikksosiologi, University of Exeter, Storbritannia), Lars Lien (Leiar for Nasjonal kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk liding), Katrina McFerran (Professor i musikkterapi, University of Melbourne, Australia), og Peter Tyrer (Professor i samfunnspsykiatri, Imperial College, London). Fagrådet kjem saman ein gong for året, og gjev innspel og konstruktiv kritikk, ikkje minst i høve til forskingsdelen av kunnskapsklyngas arbeid.

Underteikna er altså prosjektleiar for klynga, medan administrativ koordinator er Liv Gunnhild Qvale. Alle deltakarane har ein representant i styringsgruppa, medan dei assosierte deltakarane har observatørstatus. Leiar for styringsgruppa er spesialrådgjevar Geir Lien i Helse Bergen, medan Eva Karin Løvaas, klinikksjef ved Hjellestadklinikken i Stiftelsen Bergensklinikkene, er nestleiar.

Griegakademiet, UiB, koordinerer samarbeidet og fagmiljøet bidreg også aktivt, m.a. ved å prioritere delar av forskingstida si inn mot klyngesamarbeidet. For den første prosjektperioden, som varer ut september 2017, har GC Rieber Fondene bidrege med vesentlege beløp til forsking, noko som også har løyst ut gåveforsterking frå Forskingsrådet. I tillegg har det vore ei deltakaravgift på kr. 150 000 per år per deltakande instans, for å finansiere drift, administrasjon, seminar og formidling. Dette, og det faktum at deltaking i klynga føreset tett oppfølging på leiarnivå, aukar nok terskelen for deltaking, men er truleg også ein av grunnane til at klynga fungerer.

Om erfaringane i dei to første prosjektåra 2015-2016 og om utvidinga av klynga i 2017
For alle dei aktuelle arbeidsfelta i POLYFON har deltakarane definert fem målområde, nemleg tenesteutvikling, forsking, utdanning, formidling og samhandling.

Tenesteutvikling i POLYFON har ei kvantitativ og ei kvalitativ side, der fleire stillingar og fleire heile stillingar er ein av føresetnadene for utvikling av kvalitet i musikkterapitenester. Eitt mål er å etablere strategiar for systematisk implementering, jf. eksempelet med Helse Bergen innleiingsvis. Like viktig er det å sikre at det vert kvalitet i dei tenestene som vert etablerte. Her kjem forsking, utdanning, formidling og samhandling inn som viktige prosessar. Eit døme på dette er at Helse Bergens tydelege satsing på å utvikle musikkterapistillingar i sine klinikkar har vore med på å inspirere kommunane rundt, der både Bergen kommune og Fjell kommune no arbeider med å byggje opp musikkterapitenester innan psykisk helse og rusfeltet. For brukarane er det gode nyhende, då det elles ofte er eit problem at kommunale musikkterapitenester ikkje er tilgjengelege etter utskriving frå behandling på ein klinikk. Også for studiet er det ei god utvikling, av di det vil gje nye praksisplassar og høve til å byggje kunnskap og kompetanse. 

Når det gjeld forsking, er det eit mål for POLYFON å stimulere til praksisrelevante prosjekt som kan vere med på å heve kvaliteten i tenestene. Igjen kan positive ringverknader oppstå, då betre praksis også dannar basis for betre forsking. Kunnskapsklynga har fleire verkemiddel til å stimulere dette. For det første kan nye kontaktar skape grunnlag for nye samarbeid og nye fellessøknader. For det andre har klynga såkornmidlar som kan stimulere slike prosessar. For det tredje lyser POLYFON ut sommarstipend for studentar, noko som både kan motivere for framtidig forskarutdanning og vere med på å bygge nødvendig kunnskap i klynga.

Det er eit stort rom for samarbeid også når det gjeld utdanning. Ein dimensjon er at arbeidsgrupper og seminar vert arenaer for refleksjon over sterke og svake sider ved det femårige integrerte masterstudiet. Eventuelle innspel og forslag vert spelt vidare til programkoordinator og programstyre, som så kan vurdere om det er ønskjeleg og mogeleg å gjere endringar i emneplanar eller arbeidsmåtar. Ein annan dimensjon er samarbeid rundt etter- og vidareutdanning. Fagpersonar frå dei ulike helseføretaka og kommunane i POLYFON er med på å utforme kursplanar, bidreg med verdifull undervisning og innspel om framtidige kompetansebehov.

Formidling er på mange måtar limet i dei prosessane eg her har beskrive. Kanskje er dei uformelle møtepunkta i form av arbeids-grupper og seminar aller viktigast, men kunnskapsklynga arbeider også med større konferansar, med nettinformasjon og med bulletengen «POLYFON-nytt». Vidare er ein medviten formidlingsstrategi i høve til media og ålmenta avgjerande, då kjennskap til musikkterapi er ein føresetnad for at brukarar, leiarar og politikarar skal engasjere seg i utvikling av feltet. 

Samhandling er altså ein grunnidé i POLYFON. Det skjer på fleire arenaer, med fleire reiskap, som t.d. bruk av kombinerte stillingar, kvartalsvise styringsgruppemøte, halvårlege fellessamlingar for arbeidsgruppene på dei fem arbeidsfelta, årlege møte med fagrådet (Scientific Advisory Committee) og årlege konferansar.

Ut i frå dei gode erfaringane med første prosjektperiode, har styringsgruppa vedtatt ei forlenging med ein ny periode frå 1. oktober 2017 og ut 2020. Kunnskapsklynga vil framleis vere koordinert av Griegakademiet og mykje vil verte ei vidareføring av det som er sett i gong. Samstundes vert det ein del endringar, m.a. ved at den geografiske regionen vert utvida. Medan arbeidet i første periode først og fremst fokuserte på Bergensregionen, vil POLYFON no byggje samarbeidsalliansar i ein større del av Vest-Noreg. Det er fleire grunnar til ei slik endring. For brukarane vil det auke tilgangen til tenester. For utvikling av faget vil det gje klynga større tyngde, t.d. i arbeid med søknadsprosessar. Dessutan har det ein eigenverdi å få inn deltakarar som opererer under ei spekter av rammevilkår når det gjeld busetnad, næring og lokal kultur. Den tidsplanen styringsgruppa for POLYFON har fastsett, tilseier at intensjonserklæringar frå aktuelle nye deltakarar kjem på plass før sommaren og nye bindande avtalar før 1. september.

I samtalar med kommunar og helseføretak som no vurderer deltaking i klynga, har eg merka meg eit par ting. Dei fleste leiarane eg har snakka med er godt informerte om tilrådingane av musikkterapi i dei ulike nasjonale retningslinjene, samstundes som dei ofte peikar på at det er vankeleg å finne midlar til å implementere dette. Mange signaliserer likevel interesse, og då heng det ikkje sjeldan saman med at dei har snakka med leiarar i kommunar eller helseføretaka som alt er med i kunnskapsklynga. Nokon har gått føre og vore advokatar for oss, slik at informasjonsarbeidet er mykje lettare enn venta. Det viser at ein ny økologi er etablert, der musikkterapi har vorte del av eit samspel som faget og profesjonen før ikkje var ein del av.

Kva er eigentleg ei kunnskapsklynge?
Å utvikle kunnskapsklynger er ein viktig strategi for UiB i dag, der det vert utvikla klynger innan område som helse, media, klima og energi. At klynger er i vinden gjev også POLYFON litt medvind, samstundes som ei klynge for musikkterapi jo også kan kome i skuggen av dei aller største klyngesatsingane. Eg må uansett innrømme at eg ikkje var heilt medviten om UiBs gryande klyngesatsing då eg hausten 2013 byrja å arbeide med det som skulle verte POLYFON. Utgangspunktet mitt var at eg rekna det som lite sannsynleg at tilrådinga av musikkterapi i psykoseretningslinja ville verte omsett til praksis sånn heilt utan vidare. Ei nasjonal føring vil sikkert gje næring til lokale initiativ for å utvikle stillingar, men det var (og er) vanskeleg å tenkje seg systematisk bruk av musikkterapi berre gjennom lokale initiativ. I eit samfunn som understrekar verdien av rettferdig fordelte tilbod, er det ikkje greitt med flekkvis implementering. Difor er det behov for ei bru mellom nasjonale føringar og lokale initiativ.

I byrjinga tenkte eg nokså laust rundt dette. Når eg no ser attende, ser eg at klyngesatsingar i næringslivet var noko av det som inspirerte meg. Slike næringsklynger finst det mykje litteratur om, men eg har aldri vurdert å søkje verken BI eller NHH, så eg hadde ikkje lest noko av denne i 2013. Inspirasjonen var meir erfaringsbasert. Sidan 1970-talet har eg på litt avstand observert korleis dei maritime næringane på Sunnmøre har utvikla seg med forbausande stor kraft. Ytst mot havet, i grisgrende strok godt utanfor allfarveg, er det bygd opp ei klynge av bedrifter som er i stand til å produsere skip og skipsutstyr i verdsklasse. Korleis? Det er heilt opplagt bygd opp eit fint samspel mellom ulike aktørar, der ein både samarbeider og konkurrerer, og der det den eine produserer er til nytte for den andre. Er dette alt? Etter kvart fann eg ut at eg måtte lese litt om dette.

Forskarar på slike maritime klynger har peika på komplekse utviklingsprosessar som kanskje best vert forstått i eit system-perspektiv. Den kraftige dynamikken av samarbeid og konkurranse som fekk næring på 1960- og 1970-talet er ein viktig del av forteljinga. Rask teknologisk utvikling og nye økonomiske rammevilkår bidrog til at fiskebåtreiarane i regionen byrja å sjå seg tente med meir avanserte båtar. Dei fekk det som økonomane kallar ein «innovativt orientert bestillerkompetanse». Frå før var der fleire skipsverft i regionen, som no byrjaå samarbeide og konkurrere på nye måtar for å kunne svare på desse stadig meir krevjande bestillingane. Dette skjedde i samspel med ein veksande underskog av bedrifter som kunne levere avansert teknologi og utstyr. Etter kvart vart ein ingeniørhøgskule, som kunne bidra med utdanning og forsking, også ein del av klyngedynamikken, og dei ulike utviklingsprosessane ser ut til å ha forsterka kvarandre gjensidig (Bjarnar & Berge, 2006).

Med andre ord: Næringsklynger kan fungere dersom det oppstår eit fint samspel mellom samarbeidande og konkurrerande leverandørar og ein rik underskog av underleverandørar, der innovative bestillingar driv opp krav og forventingar, samstundes som utdanning og forsking bidreg til å utvikle nye løysingar og arbeidsmåtar. Er det noko slikt UiB må prøve å få til i oppbygginga av ei kunnskapsklynge i musikkterapi? Berre eit stykke på veg, tenkjer eg. Etablering av klynger vert rett nok ofte trekt fram som eit tiltak som kan fremme innovasjon også i offentleg sektor (St. meld nr. 7, 2008-2009), men det er grunn til å reflektere kritisk over inflasjonen i bruken av omgrepet innovasjon dei siste åra. Erfaringar med innovative klynger i næringslivet kan ikkje utan vidare overførast til offentleg eller offentleg regulert verksemd (Berge, 2013). 

Det vil vere ein viss selektivitet knytt til bruken av eit kvart omgrep. Noko vert klarare, medan andre ting kjem meir i skuggen. Når det gjeld innovasjonsomgrepet knytt til klyngedynamikk, ser det ut til å vere ein klar tendens til at ein økonomisk rasjonalitet dominerer i bruken av dette i dag. Innovasjon vert gjerne forstått som vellukka kommersialisering eller som meir effektiv bruk av ressursar i offentleg verksemd. Går vi tilbake til litt eldre politiske dokument, t.d. St. meld. 39 (1998-1999) om forskingspolitikk, kan bildet vere meir nyansert. Her ser vi ei klar understreking av at det ikkje berre er fellestrekk mellom innovasjon i offentleg sektor og næringslivet, men også viktige skilnader. Demokratiske prinsipp og tradisjonar må takast i vare innan ein offentleg sektor som helsevesenet. Med andre ord: Ei kunnskapsklynge for innovasjon i offentleg sektor må ikkje berre ta sikte på å få ting gjort, men også på å byggje det offentlege rom for meiningsutveksling. 

Når kunnskapsklynga POLYFON er inspirert av den innovative dynamikken i næringsklynger, er ei slik understreking av særtrekk ved innovasjon i offentleg sektor viktig å ta med seg. Dette synleggjer også at det er klåre grensar for kva parallellar ein kan trekkje mellom innovative bestillingar i næringslivet og i offentleg sektor. Verken helse, kunnskap eller kompetanse kan bestillast heilt på same måten som ein kan bestille eit industrielt produkt. Prosessane er mindre lineære og må vere opne for pluralitet, t.d. med debatt om mål og prioriteringar. Det er difor i denne samanhengen meir meiningsfullt å snakke om «utfordrarkompetanse» og «medspelarkompetanse» enn «bestillerkompetanse». 
 

Ein kritisk økologi for musikkterapi som fag og profesjon
God undervisning, forsking og formidling er umogeleg utan god praksis. Omvendt er det vanskeleg å tenkje seg god praksis utan solid undervisning, forsking og formidling, i alle fall dersom det er profesjonell praksis det er snakk om. Verdsetjing av musikkterapifaget og verdsetjing av musikkterapiprofesjon er prosessar som konstituerer kvarandre gjensidig.

Verdsetjing er ein føresetnad for offentleg godkjenning av musikkterapiprofesjonen, men det er ingen automatikk i at verdsetjing fører til godkjenning. Musikkterapiprofesjonen sin situasjon i Noreg nett no er at han er meir verdsett enn tidlegare, medan han framleis berre i liten grad er godkjend. Musikkterapi er rett nok tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. I dette er det element av både verdsetjing og godkjenning, det siste ved at både psykoseretningslinja og rusbehandlingsretningslinja presiserer at behandling må utførast av terapeut med godkjend utdanning i musikkterapi (Helsedirektoratet, 2013, 2016). Samstundes er ikkje musikkterapi ein godkjend profesjon, i tydinga autorisert etter lova om helsepersonell.

Verdsetjing med mangelfull godkjenning plasserer musikkterapien i ein utfordrande situasjon. Det bidreg m.a. til at mange aktørar melder seg på banen og ønskjer å arbeide terapeutisk med musikk. Dette gjer at fleire menneske får tilgang til musikk, men det er også ein risiko for at musikkterapiens suksess som fag bidrar til å undergrave profesjonen, ved at andre meir talrike aktørar kjem inn og «tar over». I neste omgang kan dette ramme brukarane, då det vert uklart kva musikkterapeutisk kompetanse er og tilfeldig om og når denne vert gjort tilgjengeleg.

Mykje tyder difor på at utviklinga av musikkterapifaget no er på eit nivå der det vert avgjerande å også styrke profesjonen. Internasjonalt er det ei rekkje forfattarar som har interessert seg for verdsetjing og godkjenning av musikkterapiprofesjonen. Register (2013) og Moore (2015) har t.d. skrive om den historiske utviklinga av dette i ein amerikansk kontekst. Det er ei påminning om at eit fag- og profesjonsutviklande tiltak som POLYFON har forankring i ein historisk prosess. Ta t.d. det viktige steget som vart tatt i Oslo i 1978, då Østlandets Musikkonservatorium etablerte den første musikkterapiutdanninga i Norden. Dette var ein avgjerande føresetnad for vidare utvikling.

Ser vi på publikasjonar frå denne tida, ser vi eit medvit om at det å etablere utdanning for ein ny profesjon har risikomoment knytt til seg:

Faren ved enhver ny profesjon som oppstår er at funksjoner som tidligere ble ivaretatt av vanlige mennesker blir overtatt av «eksperter». Vi får f.eks. stadig nye behandlere som i kraft av sin utdanning «vet best» hvordan mennesker skal hjelpes. Det ville være en ulykke hvis musikkterapien og musikkterapeutene skulle medføre en liknende utvikling på musikkens område. Musikkterapien må aldri bli noen erstatning for den daglige bruk av sang og spill vi alle kan utføre sammen med andre mennesker.
— Ruud, 1980, s. 117)

I mykje av den internasjonale litteraturen om utvikling av musikkterapiprofesjonen er denne typen kritiske vurderingar fråverande, men den risikoen Ruud skreiv om i 1980 er etter mi vurdering minst like reell i dag som den gongen. Er det i det heile mogeleg å utvikle profesjonalitet som fremmer og ikkje hemmar folks deltaking (Stige & Aarø, 2012)? Eg er optimist, men slett ikkje sikker. Gitt den situasjonen musikkterapien er i, med auka verdsetjing, men manglande godkjenning, tenkjer eg då at det er meir relevant å vere ambivalent enn å vere lunken til utvikling av profesjonen. Konkurransen om merksemd og midlar er stor, og som musikkterapeutar må vi etter mi vurdering vere på hogget dersom det i det heile skal verte nokon profesjon ut av dette. Men vi må ikkje verte så ivrige at vi gløymer aktuelle risikomoment.

Ein klyngedynamikk, slik eg beskreiv det tidlegare i artikkelen, etablerer ein økologi der ulike utviklingsprosessar byrjar å støtte opp om kvarandre. Skal vi ta omsyn til risikomoment, vert det då eit spørsmål om det er mogeleg å kombinere ein slik økologi med kritisk refleksjon. Her kan det vere impulsar å hente frå Miller, Dalli og Urban (2012) sitt arbeid med kritisk profesjonsøkologi. Arbeidet deira tar utgangspunkt i ein kritikk av den plassen ein instrumentell rasjonalitet lett kan få i samfunn der økonomi og effektivitet er dominerande verdiar. Då kan det vere at vi fokuserer på kva som har effekt før vi rekk å stille kritiske spørsmål om mål og meining. Det tekniske, målrasjonelle og økonomiske har sin plass, presiserer desse forfattarane, men må også haldast på plass. Den visjonen desse forfattarane utforskar, er visjonen om ein kompetent profesjon som ikkje berre leverer det som systemet «bestiller», men som også bidreg kritisk og konstruktivt i politiske diskusjonar om kva system og samfunn vi treng og ønskjer oss.

Dette kan lett oppfattast som eit fromt ønskje, men Miller, Dalli og Urban (2012) gjer det heile litt meir handfast ved å knyte refleksjonane sine til Bronfenbrenners utviklingsøkologiske teori. Eg skal ikkje gå i djupna på å beskrive denne teorien her, men vil minne om korleis Bronfenbrenners arbeid dels var utvikla som ein kritikk av psykologiens einsidige fokus på individet lausrive frå kontekst, dels som kritikk av sosiologiens strukturelle forståing av sosiale fenomen (Stige, 2002). Bronfenbrenners (1979) løysingsforslag var då å beskrive individet i ulike kontekstar og å forstå desse som gjensidig avhengige system. Seinare understreka Bronfenbrenner (1986) også den historiske dimensjonen i dette, og la til ei beskriving av kronosystem til dei tidlegare beskrivingar av mikro-, meso-, ekso- og makrosystem. Teorien beskriv altså ikkje berre utvikling i kontekst, men også utvikling av kontekstar. Slik sett kan Bronfenbrenners teori vurderast som ein «praksisteori» som forsøkjer å beskrive dei prosessane som kan knyte mikro- og makrosystem saman over tid (Nicolini, 2012; Stige, 2015).

Miller, Dalli og Urban (2012) argumenterer for at Bronfenbrenners utviklingsøkologiske teori også kan kaste lys over utvikling av profesjonar. Eg kan prøve å eksemplifisere dette i høve til musikkterapi: Den profesjonelle kvardagen vår er gjerne gjennom-syra av arbeid i og med mikro- og mesosystem, t.d. i direkte møte med brukarar i ulike situasjonar. Samstundes er det tydeleg at prosessar i ulike eksosystem verkar inn, t.d. når styret for eit helseføretak prioriterer, slik Helse Bergen gjorde i det eksempelet eg opna artikkelen med. Samstundes vil makrosystemet verke inn, med økonomiske rammer, kulturelle tradisjonar og politiske føringar. Alt dette kan sjåast i samanheng med aktuelle kronosystem. For musikkterapi endra t.d. makrosystempåverknader seg markant då psykoseretningslinja kom i 2013.

Utan at eg kan gå djupare inn på Miller, Dalli og Urban (2012) sin argumentasjon her, vonar eg at eg har synleggjort det potensialet eg ser i å utforske samanhengar mellom ulike system i arbeidet med å stimulere og evaluere utviklinga av musikkterapi som fag og profesjon. Ofte er dette mangelvare i musikkterapilitteraturen. Fokuset er gjerne først og fremst på mikrosystemnivå, eventuelt på mesosystemnivå, også når det er snakk om utvikling av profesjonen. Alison Ledgers (2016) kapittel i Oxford Handbook of Music Therapy eksemplifiserer dette. Ledger argumenterer overtydande om at musikkterapilitteraturens fokus på enkeltpionerar som har greidd å «bane seg ein veg» inn i helsevesenet må supplerast med eit vidare fokus der ein også undersøkjer om og korleisorganisasjonsutvikling er nødvendig for å kunne etablere musikkterapi. Dette oppfattar eg som eit viktig bidrag, samstundes som heller ikkje Ledger er tydeleg på korleis prosessar på ekso-, makro- og kronosystemnivå verkar inn på fag- og profesjonsutvikling.

Oppsummering
Eg har argumentert for at utvikling av musikkterapifaget har nådd eit nivå der arbeid med profesjonen vert viktigare enn tidlegare. Den ubalansen som har oppstått mellom verdsetjing og godkjenning av musikkterapi i det norske samfunnet, gjer det nødvendig å vere på hogget og utvikle strategiar som kan styrke utvikling av tenester, kunnskap og kompetanse. Samstundes er det nødvendig å vere medviten om aktuelle risikomoment knytt til utvikling av ein profesjon. Eg har peikt på relevansen av ein kritisk profesjonsøkologi der yrkesutøvaren ikkje berre får hjelp til forstå og tilpasse seg endringar i samfunnet, men også til å bidra i praksisar med rom for kritisk refleksjon.

Erfaringane med POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi tyder på at det er mogeleg å utvikle nye økologiar som musikkterapi vert ein del av. Eitt eksempel er involvering av leiararar hjå dei ulike deltakarane i klynga. Desse får meir kjennskap til og større engasjement for musikkterapi, noko dei spreier i det som for dei er mesosystem men for musikkterapeutar flest eksosystem, t.d. i samarbeidsorgan mellom helseføretak eller mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Det er vel dette som ligg bak når t.d. Helse Bergens strategi om musikkterapeutar på alle klinikkar i psykisk helsevern får ein smitteffekt og inspirerer kommunane rundt til å utvikle musikkterapitenester.

Eitt anna eksempel er at nye arenaer for samhandling gjev musikkterapifaget og -profesjonen meir kontakt med og deltaking i utviklingsprosessar i tenestene. Nett no gjeld dette t.d. utviklinga av legemiddelfrie tilbod og av pakkeforløp i psykisk helsevern.

Spørsmålet er altså då om dette «berre» vert reiskap til å byggje profesjonen, eller om det også vert reiskap for å utvikle ein kritisk profesjonsøkologi. Svaret på det er neppe gitt, men må heile tida utfordrast med nye spørsmål om kva vi held på med, kvifor. Altså: ikkje berre «Korleis etablere musikkterapi?», men også «Kvifor musikkterapi?» og «Kva meiner vi eigentleg med musikkterapi?» Det som bind deltakarane saman og skapar eit «vi» (Aasland, 2014), vert då ikkje berre musikkterapi forstått som ein effektiv metode, men også musikkterapi forstått som ei mogelegheit til å realisere verdiar, som t.d. brukarmedverknad og samfunnsdeltaking. Det «vi» som vert etablert, kan ikkje då vere eit «vi» der alle er einige. Lukkast vi derimot med å etablere eit «vi» som er einige om å ville snakke saman om musikkterapi – i lys av utfordringane i helsevesenet og samfunnet i dag – har vi kome eit stykke på veg.

POLYFON prøver å skape arenaer for slike diskusjonar, t.d. i ulike arbeidsgruppemøte og seminar. Ein årleg POLYFON-konferanse, som kunnskapsklynga startar med i år, vonar eg også vil kunne bidra i denne retninga. Konferansen i 2017 vert arrangert 21. november, med hovudtemaet «Musikkterapi gjennom livet: frå førebygging til recovery», med tilhøyrande undertema som relasjon, medverknad, samval og brukarstyring. Kom gjerne, og meld deg gjerne på diskusjonane. (3)

Litteratur
Berge, D. M. (2013). Innovasjon og politikk: om innovasjon i offentlig sektor. Arbeidsnotat 2013:4, Molde: Høgskolen i Molde. 

Bjarnar, O. & Berge, D. M. (2006). Skipperrederier, havfiske og industriell utvikling. I: O. Bjarnar, D. M. Berge & O. Melle (red.). Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag. Bind 2. Fra fri fisker til regulert spesialist. 1960 - 2006, Trondheim: Tapir Akademiske Forlag.

Bronfenbrenner, U. (1979). The ecology of human development. Cambridge: Harvard University Press. 

Bronfenbrenner, U. (1986). Ecology of the family as a context for human development. Developmental Psychology, 22(6), s. 723-742.

Helsedirektoratet (2013). Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med psykoselidelser. Oslo: Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet (2016). Nasjonal faglig retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblemer og avhengighet. Oslo: Helsedirektoratet.

Ledger, A. (2016). Developing new posts in music therapy. I: Edwards, J. (red.). Oxford handbook of music therapy. Oxford: Oxford University Press. 

Miller, L., Dalli, C. & Urban, M. (red.) (2012). Early childhood grows up: towards a critical ecology of the profession. London: Springer.

Moore. K.S. (2015). Music therapy advocacy for professional recognition: A historical perspective and future directions. Music Therapy Perspectives, 33(1), 76-85. doi: 10.1093/mtp/miu043

Nicolini, D. (2012). Practice theory, work, and organization. An introduction. Oxford, UK: Oxford University Press. 

Register, D. (2013). Professional recognition of music therapy: Past, present and future. Music Therapy Perspectives, 31(2), s. 159-165. 

Ruud, E. (1980). Hva er musikkterapi? En innføring [med forord av A. Skouen]. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Stige, B. (2002). Culture-centered music therapy. Gilsum, NH: Barcelona Publishers.

Stige, B. (2015). The practice turn in music therapy theory. Music Therapy Perspectives;
DOI: 10.1093/mtp/miu050

Stige, B. & Aarø, L. E. (2012). Professionalization for participatory practice. I: Stige, B. & Aarø, L. E. Invitation to community music therapy (s. 235-262). New York: Routledge.

St. meld. nr. 39 (1998-1999). Forskning ved et tidsskille. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

St. meld. nr. 7 (2008-2009). Et nyskapende og bærekraftig Norge. Oslo: Nærings- og handelsdepartementet.

Aasland, D. G. (2014). Hvem er vi? I: H. H. Grelland, S. B. Eide, A. Kristiansen, H. I. Sævareid & D. G. Aasland. Samarbeidets filosofi, s. 39-58. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Fotnoter
1.  Takk til kollegaene mine ved Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT), både for nyttige innspel til denne teksten og for daglege bidrag i utviklinga av POLYFON.
2.  For lenker til ulike nummer av «POLYFON-nytt», sjå: http://gamut.no/polyfon/ 
3. Meir informasjon om på POLYFON si nettside. Her finn du ein kalender, generell informasjon om klynga, og også tilgang til POLYFON-nytt og til årsmeldingane for dei to første prosjektåra, sjå: http://gamut.no/polyfon/

 

 

FFV- artikkel: Feministiske perspektiver  i musikkterapi

FFV- artikkel: Feministiske perspektiver i musikkterapi

Kronikk: MUSIKK SOM FOREBYGGENDE ARBEID FOR BARN OG UNGE

Kronikk: MUSIKK SOM FOREBYGGENDE ARBEID FOR BARN OG UNGE