Norsk Forening For Musikkterapi ønsker velkommen til MUSIKKTERAPIENS VEGKRYSS, den fjerde norske konferansen i musikkterapi, 2.-4- juni på Fana Folkehøgskole, Bergen.

Konferansen har fått temaordlyd, “Musikkterapiens vegkryss: Styrking av fagpolitikk versus innovasjon i praksis og forsking”. Med dette ønskjer konferansen denne gongen å sjå nærare på eventuelle samanhengar mellom praksis, forsking og fagpolitikk. Det er gledeleg at norsk musikkterapi inntar stadig nye felt i praksis og forsking, men kva betyr det for tilsetting, stillings- og arbeidsforhold for musikkterapeutane? Motsatt kan vi spørre: Kva betyr organisering og tilsetting av musikkteraputar for praksis og forsking? Mest av alt ønsker vi å inspirere og engasjere til dialog om dei mange agendaer som dagens norske musikkterapi står oppi. Kva skjer i praksisfeltet? Kva er nytt på teorifronten? Korleis går det med forskingsprosjekt vi har høyrt litt om?

Vi er glade for at du vil delta og gi ditt bidrag til dialogen om dagens og framtidas norske musikkterapi.
NFMT lovar saman med underteikna alle deltakarar eit flott og spennande program!

Lukke til med presentasjonar, workshops og rundbord.

Velkommen til kvar og ein!

Ledar for programkomiteen,
Karette Stensæth