Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen søker musikkterapeut.

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen søker musikkterapeut.

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Gulen og Osterøy. Samla har klinikken eit opptaksområde med 78000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 145 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk.

Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes.

Poliklinikken i Knarvik skal frå 15 mars 2021 flytte inn i nye og moderne lokale i Region Nordhordland helsehus. Nordhordland helsehus er ein unik arena der kommunale helsetenester og spesialist helsetenester i regionen skal samlokaliserast. Dette gir store moglegheiter til å tenkje nytt og annleis rundt korleis vi yter helsetenester og korleis aktørane på ulike nivå i helsetenesta samhandlar. Dette arbeidet har allereie starta, men vi treng kloke, innovative og framtidsretta kollegaer som kan, vil og ønskjer å bidra i dette spennande utviklingsarbeidet.

Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgaver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling

  • Opplæring av pasientar og pårørande

  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane

  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Da ein av våre dyktige musikkterapeutar slutter søkjar vi etter Musikkterapeut i 60% fast stilling. Stillinga er delt mellom fagområda allmennpsykiatri og psykose. Ein må rekne med å arbeide både på Tertnes og i Knarvik.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging både på individ- og gruppenivå

  • Samhandling med eksterne aktørar både innan kommune- og spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning i musikkterapi

  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne

  • Allsidig musikkterapeutisk kompetanse

Stillingen er 60 % med søknadsfrist: 31.03.2021.

Engasjert musikkterapeut / folkehøgskolelærer søkes til Toneheim Folkehøgskole

Engasjert musikkterapeut / folkehøgskolelærer søkes til Toneheim Folkehøgskole

Opptak av "Åpen dag for musikkterapistudiene"

Opptak av "Åpen dag for musikkterapistudiene"