Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Gratis veiledningstilbod for nyutdanna musikkterapeutar

Gratis veiledningstilbod for nyutdanna musikkterapeutar

Takka vere støtte frå Polyfon kunnskapsklynge vert det dette året etablert ei veiledningsordning for nyutdanna musikkterapeutar. Ordninga er retta mot musikkterapeutar som er i sine første to år i yrket, og har som mål å støtte overgangen frå studium til arbeidsliv.

Mange nyutdanna musikkterapeutar opplever å vere den einaste med musikkterapifagleg kompetanse på arbeidsplassen. Samstundes møter dei utfordringar knytte til rolleforståing, profesjonsidentitet og samarbeid i tverrfaglege team. Veiledning kan vere ei viktig støtte i denne fasen, men er ofte vanskeleg å prioritere når tid og økonomi er avgrensa.

Gjennom prosjektet vil 10 deltakarar få eitt år med gratis veiledning. Tilbodet omfattar fire individuelle veiledningssamtalar og to gruppeveiledningar. Veiledninga vil ta utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og utfordringar, med mål om å styrkje fagleg tryggleik, meistring og utvikling som musikkterapeut. Veiledninga kan gjennomførast både fysisk og digitalt.

Prosjektet blir leia av Ingeborg Nebelung ved Noregs musikkhøgskole. Søknadene vil bli vurderte etter søknadsfrist, og deltakarane vil bli sette saman i grupper med sikte på gode og relevante veiledningsfellesskap.

Søknadsfrist: 1. oktober 2026 (forlenget frist)

Planlagt oppstart: 1. oktober 2026

Påmelding: Søk om plass i veiledningsordninga her: https://nettskjema.no/a/639767

Prosjektet er finansiert gjennom utviklingsstøtte frå Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi.