Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Ledig stilling: Professor/førsteamanuensis innan fagområdet musikkterapi

Ledig stilling: Professor/førsteamanuensis innan fagområdet musikkterapi

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei 100% stilling som professor/førsteamanuensis med leiaroppgåver for GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking. Tilsetjing er ønskt frå 01.08.2019 eller så snart som råd etter dette.

UiB og forskingsinstituttet NORCE samarbeider om å utvikle tvillingsenteret GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking til eit internasjonalt leiande forskingsmiljø. Forskarar knytt til GAMUT er tilsett anten i UiB eller i NORCE (eller begge). Totalt er det i dag ca. 20 fagpersonar knytt til senteret, 4 med professorkompetanse. Senteret har også ansvar for utgjeving av to internasjonale vitskaplege tidskrift. Stipendiatar er knytt til senteret gjennom UiB sitt ph.d.-program. Doktorgradstilbod i musikkterapi er utvikla i samarbeid med Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies.

Ved UiB er GAMUT ein del av Griegakademiet – Institutt for musikk, ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD). Instituttet samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø innan eit breitt musikkfelt. Ved Griegakademiet er musikkterapi definert som studiet av musikk og helse. Musikkterapifaget er såleis ikkje avgrensa til utforsking av musikkterapi som profesjonell praksis, men omfattar også studiet av musikk som ressurs for helse og utvikling i ulike kvardagskontekstar.

I NORCE er GAMUT knytt til Helseavdelinga. NORCE er eit nytt og framtidsretta forskingsinstitutt med stor fagleg breidde og sterke kunnskapsmiljø. I Helseavdelinga finn ein fagfelt frå allmennmedisin og legevaktmedisin til mental helse hos barn og unge. Avdelinga forskar og på biverknader av odontologiska biomaterial og på stress, helse og rehabilitering. Helseavdelinga har omkring 70 forskarårsverk og legg vekt på tverrfagleg samarbeid mellom forskingseiningane.

Som forskingssenter søkjer GAMUT å utvikle tverrfaglege samarbeidsrelasjonar, med fagområde som musikkvitskap og humaniora, medisin, psykologi, pedagogikk, sosiologi og antropologi. Forskinga i senteret har stor bredde tematisk, og famnar eit breitt spekter av ulike forskingsmetodologiske tilnærmingar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga vil være knytt til forskingsleiing og utvikling av tvillingsenteret. Ei 20% bistilling i NORCE er difor ein føresetnad. Stillinga gir rom for å kombinere fagleg leiarskap, eiga forskingsverksemd og undervisningsoppgåver. Leiaroppgåver knytt til stillinga omfattar m.a. fagleg leiing av senteret i samarbeid med ei fagleg leiargruppe, dagleg drift av senteret, koordinering av arbeidet i Scientific advisory board og koordinering av senteret si styringsgruppe. Den som vert tilsett er forventa å bidra til å styrke ekstern finansiert forskingsaktivitet både i UiB og NORCE, og å stimulere til vidare utvikling av fagleg kvalitet og breidde i senteret si forsking. Musikkterapi er eit mangefasettert felt, og det er i dag stor spennvidde i senteret sin aktivitet, både med omsyn til tematiske område og forskingsmetodologi.

Undervisningsoppgåver vil verte knytt til rettleiing av stipendiatar og masteroppgåver. Andre undervisningsoppgåver på studieprogrammet Integrert master i musikkterapi og/eller aktuelle etterutdanningstilbod kan og verte aktuelt.

Ved eventuelle framtidige endringar i senteret si organisering, kan ansvarsområde og arbeidsoppgåver verte endra.

Råd ved tilsetjing av musikkterapeut

Råd ved tilsetjing av musikkterapeut

Samarbeidsavtale mellom Creo og Fellesorganisasjonen - Spekter Helse

Samarbeidsavtale mellom Creo og Fellesorganisasjonen - Spekter Helse