Til alle som er interesserte i fagfeltet musikk og eldre

skjermbilde-2010-03-25-kl.-19.51.55.png

Hausten 2008 starta GAMUT - Griegakademiets senter for musikkterapi, Uni helse oppbygginga av eit nordisk nettverk for forsking og kunnskapsutvikling om musikk, musikkterapi og eldre.



Knytt til arbeidet med nettverket, fekk GAMUT i 2009 støtte frå GC Rieber Fondene for å laga ein dokumentarfilm om musikkterapi i eldreomsorga. Dette blei til filmen "Lyden av liv - musikk og musikkterapi i eldreomsorgen", som no endeleg er ferdigprodusert og klar for utsending.

Filmen utforskar musikkterapi frå eit brukarperspektiv, supplert med ei vitskapleg tilnærming til emnet. Vi ønskjer at filmen skal nå ut til så mange som mogleg, og finansieringa frå GC Rieber Fondene har gjort det mogleg for oss å tilby eit gratis eksemplar til institusjonar. Det er også mogleg for privatpersonar å kjøpa filmen, prisen er då kr 100,-. "Lyden av liv" kan bestillast hos underteikna eller på nettsida www.nmoe.no.

Under finn du meir informasjon om filmen. Hjelp oss gjerne med å formidla den gode bodskapen ved å vidaresenda vedlagte flyer til dine kontaktar!

Med vennleg helsing

Liv Gunnhild Qvale
Griegakademiets senter for musikkterapiforsking
Tlf: 46 63 55 20
www.gamut.no
www.nmoe.no

Oppdatert:
av nfmt-Kristian Ulyses Andaur


Norsk Forening for Musikkterapi:
Postadresse:
Pb 4727 Sofienberg, 0506 Oslo
Besøksadresse: Trondheimsveien 2, bygg J (Spirehuset), 6 etg, 0560 Oslo
Telefon: 22 00 56 45 / E-post: info@musikkterapi.no
Orgnr. 971 528 052. Kontortid: Onsdag 09.00-17.00

Utviklet av Renommé Communication