Sogn og Fjordane Fylkeskommune søker musikkterapeut
Ledig vikariat i 100% stilling frå 01.08.07 - 01.08.08 for MUSIKKTERAPEUT.
Sogn og Fjordane Fylkessenter for musikkterapi er eit kompetanse- og rettleiingsorgan som ligg under kulturavdelinga i fylket. FSMT yter tenester til kommunar og instansar innan kultur, skule, barnehage, helse- og sosialsektoren i form av rettleiing, kurs og klinisk arbeid. Tenestene er retta mot menneske med særskilde behov - born, unge, vaksne og eldre og deira personale. FSMT har kontorstad i Førde og på Sandane og har to fagstillingar for musikkterapeutar. Vi har ledig vikariat i 100% stilling frå 01.08.07 - 01.08.08 for MUSIKKTERAPEUT.
Arbeidet i FSMT er retta mot kommunar og instansar i fylket, og arbeidet vil innebere ein del reising. Det er krav om godkjent musikkterapiutdanning. Du bør ha klinisk erfaring som musikkterapeut. Vidare er det krav om gode samarbeidsevner, gode personlege eigenskapar og evne til sjølvstendig arbeid. Vi kan tilby:
Gode vilkår for fagleg utvikling
Utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter avtale
