Sogn og Fjordane Fylkeskommune søker musikkterapeut

Sogn og Fjordane Fylkessenter for musikkterapi søker musikkterapeut. Arbeidet i FSMT er retta mot kommunar og instansar i fylket, og arbeidet vil innebere ein del reising.


Sogn og Fjordane Fylkessenter for musikkterapi er eit kompetanse- og rettleiingsorgan som ligg under kulturavdelinga i fylket. FSMT yter tenester til kommunar og instansar innan kultur, skule, barnehage, helse- og sosialsektoren i form av rettleiing, kurs og klinisk arbeid. Tenestene er retta mot menneske med særskilde behov - born, unge, vaksne og eldre og deira personale. FSMT har kontorstad i Førde og på Sandane og har to fagstillingar for musikkterapeutar. Vi har ledig vikariat i 100% stilling frå 01.08.07 - 01.08.08 for