Karette Stensæth disputerer innanfor musikkterapi

13. feb. kl. 17 prøveforelesing og 14. feb. kl 10-14 disputas (begge deler i Auditoriet, Hus 2, Noregs Musikkhøgskole (NMH))
Om doktorgradsprosjektet hennar,
"MUSICAL ANSWERABILITY - A Theory on the Relationship Between Music Therapy Improvisation and the Phenomenon of Action":
Kva er forholdet mellom musikkterapeutisk improvisasjon og handling? I si doktoravhandling utviklar Stensæth ein teori om korleis musikkterapeutar forstår og kultiverer fenomenet handling i forhold til musikkterapeutisk improvisasjon. Stensæth si tilnærming skjer gjennom eit empiriske materiale, som bl.a. omfattar ein video av ein improvisasjon med ein multihandikappa klient. I den påfølgjande teoretiske diskusjonen inkluderer ho etablerte teoriar frå musikkterapien samt relevant leikteori og handlingssosiologi. Stensæth introduserer også nye teoretiske perspektiv, - bla. er termane karneval og dialog til den russiske lingvisten og filosofen Mikhail M. Bakhtin sentrale. Gjennom ei refleksiv syntese av det komplekse materialet presenterer Stensæth, som i tillegg til å vere ein erfaren musikkterapeut også har ein brei musikalsk bakgrunn, eit nytt perspektiv: "Musical Answerability" blir her foreslått som ei teori som inkorporerer eksistensielle, sosiologiske og praktisk-relasjonelle aspekt knytt til forholdet mellom musikkterapeutisk improvisasjon og fenomenet handling.
Bakgrunn/utdanning
Musikkterapeut frå Østlandets musikkonservatorium
Musikkpedagog frå Universitetet i Oslo
Hovedfag i musikkterapi ved Universitetet i Oslo
Tidlegare verv/arbeid
19 års praksiserfaring som musikkterapeut, fortrinssvis innanfor spesialpedagogikken.
Div. engasjement for musikkterapiutdanningen, Norges musikkhøgskole, innanfor område som praksis, rettleiing, komposisjon/arrangering, improvisasjon og metodikk.
Undervisnings- og rettleiingsområde
Musikk og Helse
Musikkterapi
Oppgaveskriving
Rettleiing
Dette doktorgradsarbeidet er av interesse for terapeutar, musikarar, pedagogar og andre med interesse for improvisasjon.
Karette Stensæth
Stipendiat/Research Fellow
Norges Musikkhøgskole/Norwegian Academy of Music
kst@nmh.no / karettes@sensewave.com
23367230 / 99728813
