INVITASJON TIL KURS 10. - 11. februar «Musikk i livets begynnelse»

Sogn og fjordane fylkeskommunene v/ Fylkessenteret for musikkterapi held kurs i musikk om dei aller minste.
Musikk og samspel for foreldre og spedborn og småborn står på programmet i Førde 10. og 11. februar. Då inviterer Fylkessenteret for musikkterapi og foreininga Musikk i livets begynnelse til kurs.
Målet med kurset er å motivere fleire til å starte grupper med musikk for spedborn og småborn her i fylket.
Kurset er aktuelt for leiarar av musikkgrupper for born og vaksne, musikkterapeutar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre som jobbar med born. Påmeldingsfristen er 1. februar.
Praktisk kurs
Kurset går på leiing av musikkaktivitetar med born opp til fire år. Det er eit praktisk kurs med vekt på rim, regler, songar og bånsullar som eignar seg for denne aldersgruppa. Kurshaldar Bente Bogen tek føre seg følgjande på dei to kursdagane:
- Innføring i å leie musikkgrupper for born og vaksne.
- Kva musikk betyr for den heilskaplege utviklinga til borna.
- Bruk av enkle instrument.
- Korleis tilpasse musikkaktivitetar til ulike aldrar og samanhengar.
- Praktiske råd og metodiske idear.
- Korleis kome i gang.
Bogen har sidan 2001 arbeidd med barn frå tre månader til fem år i Bogen musikkskule i Oslo. Kurset vert i Storehagen Atrium i Førde.
Påmelding
Påmelding sendast på e-post til Sogn og Fjordane
e-post: postmottak.kultur@sfj.no eller tlf. 415 30 610 innan 1. februar
For meir informasjon, ta kontakt med
Simona Fraas Johnsen
Musikkterapeut
tlf.: 415 30 639
e-post: simona.fraas.johnsen@sfj.no
Foreninga Musikk fra livets begynnelse er ein landsomfattande musikkfagleg organisasjon som arbeider med musikk for born mellom null og seks år. Dei ynskjer å fremje bruken av song og musikk i samværet mellom vaksne og born. Hovudmålet er å medverke til at born får eit aktivt og positivt forhold til levande musikk.
