Invitasjon til avsluttingsseremoni for musikkterapistudiet på Sandane
Til noverande og tidlegare studentar, lærarar og praksislærarar og til andre interesserte: Invitasjon til avsluttingsseremoni for musikkterapistudiet på Sandane.
Våren 1986 vart forslaget om å etablere ei musikkterapiutdanning på Sandane lagt fram, ved avsluttinga av eit treårig prøveprosjekt finansiert av Norsk kulturråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune. To år seinare var studiet i gang, i nært samarbeid med Østlandets Musikkonservatorium (i dag Norges musikkhøgskole), som har vore ein trufast fagleg støttespelar sidan.
