Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Musikkterapeutiske tjuvstartar. Eller: føre var, før og no

Musikkterapeutiske tjuvstartar. Eller: føre var, før og no

Professor Brynjulf Stige, GAMUT, Universitetet i Bergen

Det følgjande er ein skriftleggjort versjon av opningsføredraget ved den femte norsk musikkterapikonferansen, arrangert av NFMT 7.-9. juni 2018 (jubileumskonferansen 40 + 30). Eg takkar for invitasjonen til å halde føredraget, og for sjansen til å reflektere over norsk musikkterapis historie og framtid, saman med professor Gro Trondalen ved Norges musikkhøgskole. 

Innleiing

Eg vil sjå attende på delar av norsk musikkterapis historie, og framover på nokre mogelege utviklingstrekk. Eg vil då særleg fokusere på trekk ved utviklinga av fagmiljøet som no er knytt til Griegakademiet (UiB), og bruke dette som døme på utviklingsprosessar som truleg er nasjonale, kanskje også internasjonale. Eg startar litt personleg, så blir eg meir prinsipiell etter kvart som vi nærmar oss samtida og framtida.

Det som følgjer er då mi forteljing om ein prosess som har hatt mange aktørar i viktige roller. Eit bilete som illustrerer dette for meg vart tatt i 2008, siste gongen Clive Robbins var i Bergen. 

Clive Robbins i Bergen i 2008, med nokre av musikkterapiens pionerar frå 1950- og 1960 talet, og tre av dei som var med på å etablere universitetsfaget i 2006. Foto: Gudrun Sylte/På Høyden. 

Dei fire som omkransar Clive, er Bergens-pionerane Hedda Riise, Ida-Margrethe Gjul, Anne Sofi Grieg Moe og Else Vedeler, der Else var ein av dei norske pionerane som byrja arbeidet sitt allereie på 1950-talet. Kva har vi ikkje å takke desse pionerane for? Tenk om Clive Robbins og Paul Nordoff ikkje hadde sett seg på Amerikabåten på slutten av 1960-talet og landa i Bergen, for så å setje seg på toget over til Oslo. Tenk om pionerane i norsk musikkterapi den gongen ikkje hadde vist interesse og latt seg inspirere. Og tenk om dei som seinare vart pionerar for norsk utdanning og forsking i musikkterapi ikkje hadde hatt respekt for denne arven. Då hadde vi hatt ein annan situasjon enn den vi har i dag (Stige & Rolvsjord, 2009).

Det er difor mange å takke, både dei som vert nemnde og dei som eg ikkje får plass til å nemne i denne vesle teksten. 

Ein plutseleg, frigjerande tanke

Mi eiga interesse for musikkterapi går tilbake til midten av 1970-talet. Det var eit tiår der noko heilt nytt var på gang i norsk musikkterapi. Aktiviteten blei meir synleg og organisert, og media byrja å vise interesse. Eg var ung og kjende ikkje til alt som skjedde, men gradvis gjekk det opp for meg at det kanskje var noko som kunne heite musikkterapi eller noko slikt. Ta NRK-programmet «God morgen, tante Hedda». Eg såg ikkje på då det blei sendt våren 1977, men eg høyrte om det, og det gjorde meg nysgjerrig. Seinare same våren kom eg i kontakt med det som må ha vore den einaste personen i Molde som på den tida visste kva musikkterapi var. Ho hadde vore kollega med Unni Johns på Haug skole og fortalde om det. Noko med klangen i stemma hennar gjorde at eg tenkte: «Dette må eg sjekke ut».

Eg flytta til Oslo og ringte til Unni, som kom meg i møte og inviterte meg ut til Haug skole for å observere arbeidet hennar. Etter ein dag i eit kott bak ein einvegsspegel hadde eg bestemt meg. Eg ville bli musikkterapeut. Unni arbeidde med born med store vanskar, og det gjorde uutsletteleg inntrykk å sjå det varme mellommenneskelege samspelet som musikken gjorde mogeleg. Eg meldte meg inn i Norsk foreining for musikkterapi og blei inkludert i ei lita, engasjert gruppe med tru på musikkterapifaget si framtid. Klart eg skulle bli musikkterapeut! Det var berre eitt problem: Det fanst ikkje noko slik utdanning i Noreg. 

Så – plutseleg ut på nyåret i 1978, fekk eg på ein av kurskveldane i musikkterapiforeininga vite at «no kjem det ei toårig vidareutdanning, ved Østlandets Musikkonservatorium». «Det gjekk jo fort og greitt», tenkte eg, ung og dum som eg var. I dag skjønnar eg vel litt betre kva innsats som låg bak når Even Ruud, Unni Johns og Tom Næss kunne ønskje dei første musikkterapistudentane velkomne. 

I 1981, etter å ha skaffa meg dei nødvendige åra med grunnutdanning, søkte eg studiet og kom inn, sjølv om Tom fekk latterkrampe under intervjudelen av opptaksprøva. Eg klarte ikkje å forklare relevansen av å ha fordjuping i kajakk frå Idrettshøgskulen (eg kom aldri så langt at eg fekk fram poenget mitt, som var at arbeidet med inkluderande idrett hadde lært meg mykje som utfordrar ein medisinsk modell, noko eg meinte kunne ha relevans for musikkterapien…). 

Dei to åra på studiet vart veldig lærerike for meg, sjølv om – eller også fordi – utdanningstilbodet framleis var uferdig i form og innhald. Eg var heldig og fekk jobb med ein gong eg var ferdig utdanna, i 1983. Ingunn Byrkjedal og eg søkte på dei to stillingane som den våren vart lyst ut på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord. Då vi fekk tilbod om stilling, måtte eg kjøpe meg nytt Noregs-kart, det må eg innrømme. Sandane er ikkje nokon stor plass, og bygda var rett og slett ikkje merkt av på det kartet eg hadde.

Vi byrja å arbeide i «Gloppenprosjektet», i det som var dei to første musikkterapistillingane på Vestlandet. Norsk kulturråd finansierte stillingane, saman med Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, for å bidra til at retten til kulturdeltaking skulle verte realisert også for menneske med funksjonshemming (Kleive & Stige, 1988). 

Dette var nybrottsarbeid som engasjerte oss, men Ingunn og eg skjønte nokså fort at det framtidsorienterte prosjekt var planlagt med eit utgangspunkt som ikkje peikte framover: Begge dei to prosjektstillingane var forankra i institusjonar, nemleg ein spesialskule og ein HVPU-institusjon. Vi var ganske sikre på at framtida låg i at kommunane må ta meir ansvar. Etter mykje kamp gjekk Gloppen kommune våren 1984 med på å etablere ei tredje musikkterapistilling i prosjektet. Det var når det viste seg bort i mot umogeleg å rekruttere til denne stillinga, at Ingunn og eg fekk ideen om å lage ei musikkterapi­utdanning på Sandane. Ideen var litt vill, det skjønte vi jo, men han var ikkje utan grunngjeving. Sikkert likevel ganske greitt at vi ikkje sa noko til nokon på det tidspunktet. Vi var midt i tjueåra, det var eitt år sidan vi gjekk ut studiet og vi hadde ingen forskings­kompetanse eller undervisningserfaring på høgskulenivå. Tenkte vi nærare etter, var det strengt tatt ikkje nokon høgskule på Sandane heller. 

Frå tanke til tilbod

Tida var ikkje moden for ei ny utdanning, men ideen slapp ikkje tak. I 1986 gjekk vi ut med han, i samband med at vi spurte om å få vere med i ei arbeidsgruppe for nye høgskuletilbod i distriktet. «Gloppenprosjektet» skulle avsluttast og Gloppen kommune hadde vedtatt å etablere eit team med tre kommunale musikkterapistillingar. Skulle det danne mal på landsbasis, ville det vere behov for 2500 musikkterapeutar i Noreg. Med den utdannings­kapasiteten vi hadde den gongen, 6 studentar årleg i Oslo, ville det ta meir enn 400 år å realisere, vel å merke dersom alle på studiet blei verande i profesjonen, hoppa over sjukemeldingar og svangerskapspermisjonar, såg bort frå pensjonsrettane sine og heldt fram med å arbeide også etter fylte 100 og 200 år….. Med andre ord, det var ikkje godt å vite kor mange hundreår dette ville ta. Ikkje det at vi trudde at alle kommunar straks ville gjere som Gloppen, men bildet var tydeleg: Skulle musikkterapi få nasjonal relevans, var det behov for meir enn ei utdanning i Noreg. 

Etter avsluttinga av prosjektet vart teamet vårt på Sandane utvida, og fylkeskommunen gjekk også til det steget å etablere eit fylkessenter for musikkterapi på Sandane. Mette Kleive og Grethe Brustad var dei to første som flytta frå Oslo til Sandane på denne tida og var med på å byggje føresetnader for vidare utvikling. Etter kvart kom også Grethe Skarpeid og Hanne Oftedal. Dette var på ei tid då det framleis berre var 30-40 musikkterapeutar i Noreg, og der det til samanlikning berre var ein musikkterapeut i Bergen og ein i Trondheim. Slik sett var Sandane heilt klart den staden i Noreg med det største musikkterapimiljøet utanfor Oslo.

Likevel, det var ikkje opplagt at vi ville få støtte til å etablere ei utdanning. Det første vi gjorde, var å be om eit møte med Oslomiljøet. Ville dei vere positive? Eg er imponert over korleis dei møtte oss. Even Ruud og dei andre kollegaene i Oslo viste oss tillit. Dei viste tillit til verda også. Studiet i Oslo hadde ikkje på denne tida fleire søkjarar enn kva dei trengde for å fylle dei 6 studieplassane sine på ein god måte. Ville ikkje då ei ny utdanning gjere rekruttering vanskeleg? Vi blei einige om å stole på at faget ville bli meir synleg i samfunnet, slik at rekrutteringa nasjonalt kunne ta seg opp over tid. 

Støtta frå Oslo-miljøet var avgjerande, og det har vore eit godt samarbeid sidan, der ikkje minst Gro Trondalen etter kvart har vorte ein svært viktig brubyggjar og samarbeidsaktør.

Tilbake på Sandane måtte vi spørje oss: Korleis etablere ei ny utdanning i eit nytt fag på ein liten stad utan høgskule? Det viste seg raskt at høgskuledirektøren og dei eksisterande høgskulane i fylket gjorde det dei kunne for å stogge oss. I departementet var dei meir negative. Argumentet deira var som følgjer: «Musikkterapi er ikkje etablert som profesjon, så då kan vi ikkje etablere studieplassar i faget». Ikkje lett å kome forbi den. Men – vi hadde tre ting: Tru på ideen, gode støttespelarar, og ei gryande interesse i samfunnet. Våren 1986, då vi byrja å arbeide systematisk med dette, var det reportasje om Gloppenprosjektet i Norge Rundt. Kulturrådet si årsmelding for 1986 synleggjorde prosjektet med bilete på framsida og med god omtale. 

 Norsk kulturråd var midt på 1980-talet med på synleggjere musikkterapiens rolle i arbeidet med eit meir inkluderande samfunn som tar alle menneske sin rett til kultur- og samfunnsdeltaking på alvor. 

Norsk kulturråd var midt på 1980-talet med på synleggjere musikkterapiens rolle i arbeidet med eit meir inkluderande samfunn som tar alle menneske sin rett til kultur- og samfunnsdeltaking på alvor. 

Dei to åra det tok frå vi lanserte ideen i 1986 og til vi starta studiet i 1988, lærte meg mykje om politikk. Rektorane Edvard Befring ved Statens spesiallærerhøgskole og Thor Skott Hansen ved Østlandets Musikkonservatorium blei to av læremeistrane. Saman gjorde vi den vurderinga at det kunne vere politikarar på Stortinget som ville støtte ideen. Somme av dei kom frå Senterpartiet, men det var ikkje berre distriktspolitiske omsyn som talde. Politikarar frå fleire parti såg at musikkterapi kunne bidra til eit meir inkluderande samfunn.

Trass i aukande politisk støtte, eller kanskje nettopp fordi ting var i ferd med å bli konkrete, fekk eg kalde føter og byrja argumentere for at vi trengde meir tid til fagleg førebuing. Då hugsar eg at Befring blei streng: «Du har kanskje greie på musikkterapi, Stige, men høgskulepolitikk, det skjønar du deg ikkje på. Politiske vedtak kjem når politikarane er klare, ikkje når de i fagmiljøet er det». Befring var ein profilert fagentreprenør på 1980-talet, og det blei til at vi følgde rådet hans. Saman med Elise Weiberg frå spesialpedagogikkfaget, reiste eg på Stortinget hausten 1987 og vi fekk eit kort møte med politikarar frå utdanningskomiteen. Då statsbudsjettet for 1988 kom, inkluderte det ein komitémerknad og ein sum på kr. 385 000- til etablering av ei toårig vidareutdanning i musikkterapi på Sandane. Summen var ikkje akkurat høg, men det var nok pengar til at vi krangla oss i gong, med verdas billigaste piano. 

Eg skjønte etter kvart det Befring hadde sagt. NOU-en «Med viten og vilje» kom kort tid etter at utdanninga opna hausten 1988. Utgreiinga argumenterte for at tida for desentraliserte nyetableringar i høgskulesektoren var over, og at det var tid for styrking, samlokalisering og samanslåing av institusjonar (NOU, 1988: 28). Hadde vi venta eitt år med å reise på Stortinget, hadde vi nok vore betre førebudde, men noko ny utdanning hadde det neppe blitt.

Medvind og motvind (og medvind igjen)

Når eg no ser attende, kan historia til det fagmiljøet som vart etablert i 1988 delast i periodar. Dei siste 15 åra har det gått ganske bra, eigentleg. Fagmiljøet har vakse med i snitt nesten ei stilling i året, og studiet er mykje utvida. Frå 2004 vart utdanninga ei toårig masterutdanning, og frå 2010 ei femårig integert masterutdanning. I 2006 kunne vi ta inn dei to første ph.d.-kandidatane, og sidan 2010 har vi hatt Grieg Research School som ei spennande tverrfagleg ramme for forskaropplæringa vår. 

Etter at vi kom til Bergen har vi også i større grad enn tidlegare hatt støttespelarar som GC Rieber Fondene, som har bidrege med vesentlege såkornmidlar i kritiske fasar (Stige, 2013). Forskingssenteret GAMUT har vore både eit utrykk for og ein drivar i denne utviklinga. Dei kollegane eg i dag har ved senteret i minst 50 % fast fagstilling, er: Monika Geretsegger, Claire Ghetti, Simon Gilbertson, Christian Gold, Jill Halstead,  Karin Mössler, Randi Rolvsjord, Wolfgang Schmid, og Lars Tuastad. Og miljøet veks: Viggo Krüger og Xueli Tan byrjar i nye stillingar i august 2018. I tillegg kjem stipendiatar og engasjementstillingar, og den prosjektadministrative støtta frå Liv Gunnhild Qvale og Rune Rolvsjord. Det er ein fantastisk gjeng. Eg vil takke kvar einskild for innsatsen de gjer for å utvikle faget! 

Det er spennvidde i GAMUTs arbeid, frå Cochrane-oversikter til kunstorientert forsking til brukarorientert aksjonsforsking. Og det er eit solid nivå på arbeidet. 

GAMUT er eit tverrfagleg tvillingssenter som forskar på samanhengar mellom musikk og helse i klinikk og kvardagssituasjonar. Foto: Utklipp frå GAMUTs brosjyre (sjå www.gamut.no)

Den veksten og utviklinga vi har hatt skuldast fleire faktorar, ikkje minst det at interessa i samfunnet aukar, særleg etter at Helsedirektoratet etter 2013 har inkludert musikkterapi i fleire ulike nasjonale, faglege retningslinjer. Som ein respons på denne nye situasjonen, har UiB etablert POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi, som bidreg til implementering og tenesteutvikling og byggjer samarbeidsrelasjonar mellom universitetet og samfunnet rundt (sjå POLYFONs Facebook-side eller nettsida: https://gamut.w.uib.no/polyfon/). 

Dei første 15 åra var ganske annleis. For utdanninga på Sandane handla det meste om å overleve. Vi sleit med rekruttering, og høgskuleleiinga i Sogndal var ikkje berre blide på oss for at vi hadde vore på Stortinget og fått etablert eit nytt desentralisert utdanningstilbod på Sandane. Utover 1990-talet prøvde høgskuleleiinga aktivt å få lagt oss ned, fleire gonger. Det som berga oss, med knapp margin kvar gong, var at det var politikarar i fleirtal i høgskulestyret. Dei hadde eit anna perspektiv på saka og meinte at musikkterapi var ei samfunnsrelevant utdanning som høgskulen burde ta seg råd til å støtte.

Heilt fram til 2002 arbeidde vi med ei ganske konkret oppleving av å ha høgskuleleiinga mot oss. Då snudde leiinga 180 grader og gjorde musikkterapi til eitt av fire satsings­område, etter at dei hadde kartlagt kva fagmiljø i høgskulen som faktisk publiserte og var fagleg aktive. 

Skilnaden på motvind og medvind merka vi med ein gong. Og – paradoksalt nok, det at høgskulen endeleg valde å satse på oss, gjorde at dei mista oss. Når vi ikkje lenger vart haldne nede, gjekk det berre eit par år før vi stanga i taket og skjønte at ei tilknyting til ein regional høgskule­ ikkje lenger ville fungere. Vi måtte vere knytt til eit universitet, både for å kunne rekruttere godt og for å kunne etablere forskingssenter og forskaropplæring. Det at vi fekk det NFR-finansierte prosjektet i 2003, der vi kunne knyte til oss forskarar som Christian Gold, Cochavit Elefant, Gary Ansdell, Mercédès Pavlicevic og Leif Edvard Aarø, gjorde at denne utviklinga skaut fart. 

Akademisering av musikkterapien

Eg kan ikkje her kome inn på detaljar om overgangen frå Sandane til Bergen i 2006, men eg vil dvele litt ved føresetnadene for den raske utviklinga vi har hatt sidan. Slik eg vurderer det, blei eit viktig grunnlag lagt tidleg på 1990-talet. Tre stikkord kan kaste lys over dette, nemleg internasjonalisering, konferansar og tidsskrift.

Internasjonalisering: Frå og med 1990 byrja studiet – med god hjelp av Even Ruuds faglege nettverk – å utvikle internasjonale samarbeidsrelasjonar. Lista over dyktige internasjonale kontaktar frå denne tida er lang og interessant og inneheld namn som: Lisa Summer, Carolyn Kenny, Kimmo Lehtonen, Jaakko Erkkilä, Tony Wigram og Ken Bruscia. 

Konferansar: Rundt 1990 tok ulike internasjonale konferansar i musikkterapi form. Utdanninga på Sandane hadde litt overmodig tatt på seg ansvaret for å organisere den første nordiske musikkterapikonferansen i 1991. Konferansen blei ein fest. For første gong var musikkterapeutar frå alle dei fem nordiske landa samla. Dette var før internett, så berre det å finne ut av om det i det heile tatt var musikkterapeutar på Island og i Finland var litt av eit detektivarbeid, hugsar eg. Vi fann fram til Valgerður Jónsdóttir  og Kimmo Lehtonen i siste liten, men dei var absolutt med på å setje sitt preg på konferansen.

Tidsskrift: På den nordiske konferansen i 1991, blei vi einige om å utvikle det nordiske samarbeidet langs tre spor: i) nye konferansar, ii) samarbeid om forskaropplæring, og iii) eit eige nordisk tidsskrift. Svenskane tok på seg å halde den neste nordiske konferansen i 1994, og det har stort sett vore slike konferansar kvart tredje år sidan. Danskane ville prøve å etablere eit nettverk for forskaropplæring, noko som blei til det viktige NorFa-nettverket frå 1993-1996. Vi på Sandane lovde å arbeide med tidsskriftsideen, noko som førte til etableringa av Nordic Journal of Music Therapy i 1992.

Det som skjedde den gongen kan vi beskrive med eitt ord, nemleg akademisering, noko som er avgjerande for ei god profesjonsutvikling. Ein kan trygt seie at vi tjuvstarta litt, eller i alle fall var føre var, der vi etablerte akademiske konferansar og tidsskrift på eit tidspunkt der det knapt var ein einaste musikkterapeut i Norden med forskings­kompetanse. Ikkje berre var Even Ruud og Kimmo Lehtonen dei to einaste med doktorgrad. Det var knapt nok nokon som hadde mastergrad eller hovudfag heller. 

Det vi gjorde den gongen var litt galskap, men det var ikkje så dumt. Då høgskulereforma kom i 1994, var musikkterapifaget klar for dei nye utfordringane, i større grad enn mange meir etablerte fag. Når folk snakkar om denne reforma, legg dei gjerne vekt på alle fusjonane. Dei var krevjande nok, men det som verkeleg var nytt for sektoren var at alle fagmiljø fekk pålegg om sjølve å drive forsking. Tidlegare blei det rekna som tilfredsstillande om høgskuleundervisning tok omsyn til forsking. Mange fag var utan eigne forskingsmiljø. Musikkterapi var blant desse, og det var altså ikkje lenger godt nok. 

I dei nye høgskulane rundt omkring i landet førte dette nye kravet til eit kompetanse-race utan like. Her kunne det vesle musikkterapifaget fort ha kome i bakleksa, men det skjedde ikkje. Både Oslo- og Sandane-miljøet byrja raskt eit systematisk arbeid med å byggje opp forskingskompetanse. Berre ti år seinare var det fleire med doktorgrad begge stader, og ein kunne byrje å byggje opp eigne forskingssenter i musikkterapi.

Føre var (og snar)

Eg trur altså at den «akademiske tjuvstarten» heilt tidleg på 1990-talet bygde eit grunnlag som gjorde dette mogeleg.

Eg skal avslutte rundreisa mi, og vil slutte med eit spørsmål: Kanskje er vi i dag i ein situasjon som liknar litt på den vi hadde rundt 1990? Igjen står vi ved eit vegskilje. Denne gongen handlar det om profesjonen musikkterapi, der det no føreligg eit kunnskapsgrunnlag og sentrale føringar som gjer at vi både kan og må tenkje nasjonalt. Når musikkterapi er tilrådd som behandling t.d. for pasientar med psykoselidingar, er det på ingen måte akseptabelt at dette tilbodet er tilgjengeleg berre nokre få stader. 

Så kanskje vi også no skulle prøve å tjuvstarte litt, for å redusere sjansane for å kome i bakleksa? No er uttrykket «tjuvstarte» ikkje heilt ideelt, for det kan gje assosiasjonar til noko ulovleg, og det er ikkje poenget her. Men uttrykket er ikkje heilt av vegen heller, for dette handlar om å ta initiativ og starte før vi får klarsignal. Ventar vi på klarsignal frå myndigheitene, ventar vi for lenge, trur eg.

Eit bilde eg la ut på POLYFONs Facebook-side medan eg skreiv denne teksten, gav meg ideen til ei litt dryg, men likevel interessant, samanlikning. Bildet var av ei gruppe flotte og finpynta musikkterapistudentar frå Griegakademiet, tatt 17. mai. Kanskje vi kan lære noko av karane på Eidsvold i 1814? Dei tok seg litt til rette. Dei venta ikkje på danskekongen. Dei venta ikkje på svenskekongen heller. Dei tok seg ikkje ein gong tid til å vente på at representantane frå Finnmark skulle nå fram til Eidsvold. Dei prøvde å forstå det storpolitiske spelet vesle Noreg var ein del av, og så skreiv dei ei grunnlov i full fart, før det var for seint. 

Ei gruppe musikkterapistudentar 17. mai 2018, med eit engasjement som lover godt for framtida til faget! Foto: Daniel Andreassen.

Det politiske spelet rundt musikkterapi i dag er mindre både i skala og dramatikk, men intrikat nok. Kanskje vi også må ta oss litt til rette? Eg tenkjer t.d. på at vi kan kjempe for utvida utdanningskapasitet før det er massevis av tomme musikkterapistillingar der ute, og at vi kan bygge opp spesialistutdanning og ein kultur for etterutdanning, rettleiing og kontinuerleg kompetanseutvikling før myndigheitene har gitt profesjonen autorisasjon. Tar vi grep i tide, kan kanskje eit lite fag lukkast med store omstillingar, også denne gongen. Gjer vi det på rette måten, vil ikkje berre musikkterapeutane, men også brukarane og tenestene, tene mykje på det. 

Når eg seier vi , så er jo dette i dag regulert av eit firepartsamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norges musikkhøgskule, Norsk foreining for musikkterapi og Musikernes fellesorganisasjon. Med andre ord: Køyr debatt! Men – ikkje køyr debatt så lenge at vi mister handlingsrom og handlemogelegheiter. Det er ikkje sikkert at vi har så god tid. Som eit lite fag må vi ofte ta små steg, men det kan vere nødvendig å ta dei i høgt tempo. Det er slik dei små dyra i skogen gjerne har det. Dei må vere raske for å overleve. 

Med andre ord: både føre var og snar. 

 

Litteratur

Kleive, M. & Stige, B. (1988). Med lengting, liv og song. Prøveordning med musikktilbod til funksjonshemma i Sogn og Fjordane. Oslo: Samlaget. 

Norsk kulturråd (1986). Årsmelding. Oslo. 

NOU (1988: 28). Med viten og vilje: innstilling fra Universitets- og høyskoleutvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon av 22. juli 1987: avgitt til Kultur- og vitenskapsdepartementet 9. september 1988. 

Stige, B. (2013). Griegakademiet si musikkterapiutdanning gjennom sju fem-årsbolkar. I: Stige, B. (red.). Kvifor musikkterapi? Musikkterapistudiet ved Griegakademiet, UiB 25 år. Programhefte jubileumskonferanse 20. september 2013. Bergen: Griegakademiet. 

Stige, B. & Rolvsjord, R. (2009). Pionerer i mer enn femti år – om brudd og kontinuitet i musikkterapiens historie i Bergen. Musikkterapi, nr. 2/09, 6-24. 

Norsk musikkterapiutdanning 40 år: Jubileumsforestilling

Norsk musikkterapiutdanning 40 år: Jubileumsforestilling

Musikkterapi er musikkterapi er musikkterapi er...

Musikkterapi er musikkterapi er musikkterapi er...