Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

To nye doktorgrader i musikkterapi

To nye doktorgrader i musikkterapi

To flotte doktorgradsprosjekt i musikkterapi har kryssa mållina - begge i takt med tida og med musikkterapien.

Av Karette Stensæth, leiar for CREMAH (Centre for Research in Music and Health / Senter for forsking i musikk og helse)

Det er uvanleg med to disputasar i musikkterapi innanfor 14 dagar i Norge. Men det skjedde altså: i Oslo og i same hus; på Norges musikkhøgskole der to tidlegare stipendiatar, Kjersti Johansson og Merete Hoel Roaldsnes, forsvara sine doktorgradsprosjekt i desember 2017. Begge prosjekta er knytt opp mot CREMAH på Musikkhøgskolen.

Som leiar for CREMAH vil eg uttrykke glede og takksemd: Dette er to flotte bidrag til musikkterapiforskinga, som begge plasserer seg midt i CREMAHs satsingsområde.

Gjentaking i musikkterapi

Foto: Lars Opstad

Johanssons tar for seg eit tema som er grunnleggjande i all musikkterapi, nemleg gjentaking. Johansson nærblikk er unikt, særleg fordi det også er både djupt (teoretisk og filosofisk) og breitt (innom fleire musikkterapikontekstar).

Personleg er eg særleg begeistra for Johanssons omgrep ”langsom musikkterapi”, som eg ser på som eit viktig resultat av hennar prosjekt. I samandraget til avhandlinga seier ho: 

”Gjentakelse kan fremme en tilstedeværelse her og nå, hvor man kan vandre sammen i prosessen og ikke spurte mot mållinjen. Langsom musikkterapi dreier seg om å verdsette øyeblikkene, og kunne dvele i dem for å berike opplevelsen. Det handler imidlertid ikke om å stoppe tiden og være i en tidløs tilstand, men om å være sammen i tiden, i øyeblikkene som hele tiden utfolder seg.” 

Langsam musikkterapi er ikkje berre eit fenomen i musikkterapien; det er også eit fenomen i tida. For kan ikkje populariteten til Langsam-TV, Yoga og Mindfulness forklarast som nettopp motsatsar til vår hastige kortsvartid? Kanskje langsam musikkterapi av same grunn kan bidra til å forklare (relasjonell og terapeutisk) verdi av tilnærmingar som ikkje er forhasta, men som nettopp tillèt menneska å få utvikle seg og erfare andre og verda rundt seg i takt med seg sjølv?

Musikkprosjekt med einslege mindreårige flyktningar

Merete Hoel Roaldsnes er også i takt med tida i det ho tar for seg eit musikkprosjekt med einslege mindreårige flyktningar. I dag utgjer denne populasjonen ei risikogruppe som er utsett for å utvikle psykiske helseproblem. 

 Foto: Lars Opstad

Foto: Lars Opstad

Studien til Roaldsnes plasserer seg midt i musikk- og helsefeltet, men med origo i den faglege norske musikkterapitradisjonen med eit humanistisk, ressurs- og samfunnsorientert perspektiv. Samla sett skaper dette eit godt utgangspunkt for å utforske kva rolle musikk kan ha i helsefremjande arbeid med einslege mindreårige flyktningar. Ei anna styrke ved prosjektet er den truverdige måten Roaldsnes (og da som musikkterapeut mest, kanskje?) i si tilrettelegging av musikkgruppene opnar for ungdomane sine stemmer og personlege ressursar. For det er ungdomane eg høyrer for meg når eg tenkjer tilbake på arbeidet hennar; musikken deira og kva dei seier om liva sine og musikken sin.

Det verkar så rett dette, at sjølv om menneska er sårbare og utsette, så er det grunnleggjande at dei får bruke seg sjølve og samtidig får sortere bagasjen slik dei sjølv ønskjer og når dei ønskjer (apropos langsam musikkterapi). Prosjektet understrekar dermed behovet for at helsefremjande tilnærmingar er både langsame nok men også ressursorienterte nok.

Skape varig verdi

Desse doktorgradsprosjekta viser at musikkterapi er aktuelle tilnærmingar for dei det gjeld. Dei viser også at det igjen fordrar at vi som musikkterapeutar maktar å gå i oss sjølve, og at vi alltid er på vakt, slik at vi faktisk lyttar ope nok og spelar med på ein måte som skaper verdi som varer for dei vi har med å gjere. 

På vegne av CREMAH vil eg takke både Kjersti Johansson og Merete Hoel Roaldsnes for dei flotte bidraga. CREMAH og mange med oss  er stolte over prosjekta dykkar og gler oss til å følgje dykk begge og arbeida dykkar vidare på vegen! Gratulerer så mykje!

 

 

Avhandlingane finn du her:

Gjentakelse i musikkterapi. En kvalitativ instrumentell multippel casestudie

Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar. Ein kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn

 

Master på deltid

Master på deltid

Debattinnlegg om musikkterapi på forskning.no

Debattinnlegg om musikkterapi på forskning.no