Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

Førsteamanuensis (100 %) i musikkterapi

Førsteamanuensis (100 %) i musikkterapi

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (100 %) i musikkterapi. Tilsetjing er ønska frå 1. januar 2018. 

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Griegakademiet samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø, og vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. 

Musikkterapi er etablert som fag ved Universitetet i Bergen sidan 2006, og hausten 2010 ble det etablert eit femårig integret masterprogram i musikkterapi med årlige opptak. Doktorgradstilbod i musikkterapi er utvikla i samarbeid med Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies. UiB og Uni Research samarbeider om å utvikle GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (gamut.no) til eit internasjonalt leiande forskingsmiljø.

Ved Griegakademiet og GAMUT er musikkterapi definert som studiet av musikk og helse. Musikkterapifaget er såleis ikkje avgrensa til utforsking av musikkterapi som profesjonell praksis, men omfattar også studiet av musikk som ressurs for helse og utvikling i ulike kvardagskontekstar. Som fag og forskingsfelt søkjer musikkterapi difor å utvikle tverrfaglege samarbeidsrelasjonar, med fagområde som musikkvitskap, medisin, psykologi, pedagogikk, sosiologi og antropologi. 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Vi søkjer etter ein kandidat med spesialisert kompetanse innan eitt eller fleire forskingsområde innan musikkterapi, kombinert med ei brei orientering og kapasitet til fleksibelt å bidra med undervisning i ulike kurs og emne ved studiet. Den som vært tilsett i stillinga vil få høve til å vere med og ta ansvar for heilskapen i musikkterapi som forskingsbasert fag og utvikle ein visjon og posisjon for musikkterapi som eit nytt universitetsfag i utvikling. 

Ved tilsetjing vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar
For å bli tilsett i stilling som førsteamanuensis i musikkterapi må ein ha ei musikkterapiutdanning på masternivå og norsk doktorgrad, eller tilsvarande utanlandsk utdanning innan musikkterapi og doktorgrad, eller ha levert doktoravhandlinga si til bedømming innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent før tilsetjing som førsteamanuensis kan skje.

Vurderingskriterium ved tilsetjing

Ved vurdering av søkjarar vil følgjande kriterium verte vektlagde:

  • forskingskompetanse på internasjonalt nivå
  • relevant erfaring frå musikkterapeutisk praksis
  • undervisnings- og rettleiingskompetanse i høve til relevante undervisningsemne ved musikkterapistudiet
  • evne og vilje til å ta ansvar i utviklinga av musikkterapi som forskingsbasert universitetsfag, med fokus på moment som initiativ og kreativitet, evne til å tenkje og arbeide tverrfagleg og evne til å samarbeide og byggje nettverk.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også måtte halde ei prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Ved eventuell tilsetjing av utanlandsk søkjar som ikkje beherskar norsk ved tilsetjing vil engelsk kunne brukast som undervisningsspråk i ein overgangsperiode, vanlegvis maksimum to år. 

For stillinga vert det kravd pedagogisk basisutdanning. Søkjarar som ikkje stettar dette kravet ved tilsetjing får tilbod om slik opplæring og må dokumentere at ho er gjennomført innan to år etter tilsetjing.

Ledig stilling i Aleris

Ledig stilling i Aleris