Kurs: GIM 1

Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi, inviterar til kurs i GIM1 onsdag 27. Januar til fredag 31. Januar 2010 i Førde.


Kva er GIM?

GIM (Guided Imagery and Music) er ei psykoterapeutisk metode, der musikkopplevinga står i sentrum. Metoden brukar spesielt utvalt klassisk musikk. Ein arbeidar med indre bilde, kroppsfornemmingar, følelsar, tankar og erindringar som lytteopplevinga framkallar.

Dette kurset er trinn 1 i ei tretrinns utdanning i GIM. Trinn 1 er forma som ein 4-5 dagars workshop, der det blir gitt ei innføring i historie, teori, etikk og praktiske øvingar to og to. Trinn 1 gir deg praktis kunnskap om korleis du kan bruke lytteopplevingar på ulike måtar i ein terapeutisk/pedagogisk/medisinsk kontekst. For å begynne på trinn 2, må ein ha tatt trinn 1, samt ha noko akademisk utdanning og relevant praksis. Trinn 2 og 3 strekk seg over ei periode på 3 år.

Målgruppe

Kurset er opent for både musikkterapeutar, musikkterapistudentar, helsefagarbeidarar, pedagogar og andre yrkesgrupper/personar som har interesse for musikk og sjølvutvikling.

Kurshaldar

Kurshaldar er Torben Moe (www.musikpsykoterapi.dk ). Torben Moe er utdanna musikk- og psykoterapeut frå Aalborg Universitet. I 2001 avslutta han PhD´en Restituerende faktorer i gruppemusikkterapi med psykiatriske pasienter. Utover å vere ein av få GIM-trenarane i Norden, er han utdanna prosesskonsulent og er leiar for verksemda Stressteam. Han driv eigen klinikk for musikk- og psykoterapi i København, og har brei erfaring som både klinikar og kurshaldar.

Gunn Karoline Fugle er medkurshalda. Ho er utdanna musikkterapeut med hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. Derutover har ho utdanning i kroppsdynamisk psykoterapi og tre-årig spesialutdanning i psykisk helsevern for barn og unge, klinisk pedagogikk. Arbeider ved psykisk helsevern for barn og unge, Førde BUP.

Pris og overnatting

Kurset kostar 2200 kr.

Kurset skal haldast på Sunnfjord Folkehøgskule. Folkehøgskulen tilbyr overnatting i sovesal til 150 kr pr døgn, samt at dei sannsynligvis har nokre dobbeltrom ledige til 600 kr pr døgn. Det er også mogleg å ete på folkehøgskulen: frokost (60 kr), formiddagsmat (60 kr) og middag (80 kr). Det kan bli arrangert privat kveldsmat, for dei som vil.

Andre overnattingsmoglegheiter er Rica Sunnfjord Hotell (672 pr person i dobbeltrom, 1.095 kr for enkeltrom), Førde Pensjonat (400 kr pr person i dobbeltrom med bad) og Førde Gjestehus og Camping (750 kr pr døgn for ei 4-mannshytte). Privat overnatting kan arrangerast for særdeles fattige studentar…

TIPS:

Les om GIM på for eksempel:

· www.farmasinett.no/gim
· www.gimterapi.dk
· www.ami-bonnymethod.org

Påmelding

Frist 10. Januar.

Påmelding til:
Sogn og fjordane fylkessenter for musikkterapi
Prestebøen 8
Pb. 173
6800 Førde

Eller:
kaja.elise.enge@sfj.no

Spørsmål?

Ring eller skriv til Kaja:

Tlf: 48 13 75 76 / 57 82 50 35/
E-post: kaja.elise.enge@sfj.no

eller

Jorunn Bakke Nydal
Tlf: 91 34 47 34 / 57 82 50 30
E-post: jorunn.bakke.nydal@sfj.no


Oppdatert:
av nfmt-Kristian Ulyses Andaur


Norsk Forening for Musikkterapi:
Postadresse:
Pb 4727 Sofienberg, 0506 Oslo
Besøksadresse: Trondheimsveien 2, bygg J (Spirehuset), 6 etg, 0560 Oslo
Telefon: 22 00 56 45 / E-post: info@musikkterapi.no
Orgnr. 971 528 052. Kontortid: Onsdag 09.00-17.00