Back to All Events

Ingeborg Nebelung : Sjå meg - høyr meg

Musikkterapeut Ingeborg Nebelung
Sandefjord kulturskule, Sandefjord videregående skole, Vestfold Musikkterapi (privatpraktiserende)


ingeborg@skul.no

Biografi
Ingeborg Nebelung er utdanna førskulelærar og musikkterapeut. Ho har 18 års erfaring frå skule og barnehage med barn og unge med nedsatt funksjonsevne. Ho har fungert som praksislærar for Norges Musikkhøgskole og Høgskulen i Vestfold, er styremedlem i NFMT og Norges delegat til EMTC. 

Abstract
I dette innlegget møter vi Ida, ei åtte år gammal multifunksjonshemma jente med store og samansette utfordringar. Gjennom 4 videoklipp av samspel med Hanne (musikkterapistudent) under velkommensangen, vert vi kjent med Ida. Vi møter den rolige og fornøgde Ida, den urolige Ida og den rasande og tilsynelatande utrøystelege Ida. Vi ser korleis musikkterapeuten nyttarstemma si for å tone inn, bekrefte, roe og ”holde”, i prosessen mot å få barnet til å føle seg sett, høyrt, møtt og anerkjent.

Videoklippa og forteljinga vil bli knytta opp mot teori av mellom anna Stern og Winnicott, og omgrep som affektiv inntoning, ”holding” og utvikling av eit ”sjølv”. 

Referanser
Stern, Winnicott

Chair: Ragnhild Øvergaard Sæheim

Hvor: Trappesalen